Hopp til innhold

Rolegare rundt rettssaka i dag

Moland og French vart køyrte til rettslokalet i Kongo i bil.

Tjostolv Moland og Joshua French i rettslokalet
Foto: MMS-foto Hallvard Sandberg / NRK

Rettssaka mot dei to drapstiltalte nordmennene Tjostolv Moland (28) og Joshua French (27) startar opp att no.

Rettssaka skulle etter planen starte klokka 09, men dei to vart frakta frå fengselet i bil fyrst litt etter klokka halv ti.

Transporten vart følgd at fire tungt væpna polititroppar.

- Dette er omtrent så høg tryggleik som det er mogleg å få i Kongo, seier NRK-reporter Hallvard Sandberg i Kongo.

Langt færre tilhøyrarar

Moland og French har no kome til rettslokala, der situasjonen i dag er roleg jamført med fredag.

Tilhøyrarane i rettssalen er også langt færre i dag. Då rettssaka opna før helga, var lokalet stappfullt. I dag er det berre rundt 50 personar som følgjer saka.

Enka etter den drepne sjåføren, Abedi Kasongo, er på plass saman med fleire familiemedlemmer.

Dommarane har framleis ikkje kome inn i rettslokalet.

- Uakseptabelt

Då rettssaka starta fredag, måtte dei to nordmennene gå gjennom gatene i Kisangani til fots for å kome til rettslokalet. Stemninga i gatene var truande, ifølgje Sandberg.

Det er også dokumentert at store delar av befolkninga i Kongo ser på dei to som skuldige.

Jonas Gahr Støre 2009
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Ein attaché frå UD er til stades for å følgje med på at Moland og French vert behandla rett.

UD protesterte mot marsjeringa

Det norske Utanriksdepartementet har protestert på handsaminga dei to fekk fredag.

- Vi har teke opp eit par forhold med kongolesiske styresmakter. Mellom anna ser vi denne marsjeringa gjennom gata til rettslokalet som ganske uakseptabelt under ein rettsleg prosess, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Støre avviser spionskuldingane

Eit av tiltalepunkta mot dei to nordmennene er at dei skal ha spionert til fordel for Noreg i Kongo. Dette avviser utanriksministeren.

- Dette har vi klart tilbakevist som grunnlaust i note til kongolesiske styresmakter, og det håper vi dei tek til etterretning, seier han til NRK.

Utanriksministeren har også gjort det heilt klart overfor kongolesiske styresmakter at Noreg er imot dødsstraff.

- Vi har sagt at dette er noko vi er imot alltid og til alle tider, prinsippiellt og i alle samanhengar. Det har kongolesarne merka seg. No får vi følgje rettssaka og ikkje forskotera den, men at det vert gjeve uttrykk for ein del norske verdiar og haldningar overfor kongolesiske styresmakter, det kan eg ikkje sjå er negativt.

- For tidleg å seie

Støre kan ikkje svare på om norske styresmakter kjem til å be om å få dei to nordmennen utleverte.

- Det er for tidleg å seie før rettssaka er over, men det er noko vil vil ha til vurdering når denne nærmar seg slutten.

Pause sidan fredag

Rettssaka mot Moland og French starta i Kisangani i Kongo fredag, men tok ein pause til i dag etter at aktor bad om meir tid for å svare på skuldingane frå advokaten til nordmennene.

Forsvarsadvokat André Kibambe påpeikte det han meinte er ei rekkje feil under etterforskinga og kravde at dei fleste bevisa i saka vart fjerna frå rettssaka.

Les: Skeptiske til bevisene i rettssaken

- Bare tull

- Held ikkje i retten

Dei to nordmennene er tiltalte for drap på sjåføren Abedi Kasongo (30), spionasje, ulovleg innføring av våpen og for å ha avtalt å utføre ei kriminell handling i landet.

Spionskuldingane vert forklart med at nordmennene vart tekne med gyldige ID-kort frå det norske forsvaret og visittkort frå tryggingsselskapet Special Intervention Group, og at dei hadde med seg utstyr som GPS, kamera og kart over Kongo.

Bevis

Bevisa klare til å synast i retten.

Foto: MMS-foto: Hallvard Sandberg / NRK

I tiltalen står det også at nordmennene er tekne med våpen som ikkje er registrerte, og at dei skal ha hatt med seg ammunisjon og andre militære effektar.

Forsvarsadvokaten er viss på å få dei to frikjende. Han avviser alle tiltalepunkta og seier at etterforskinga berre er bygd på indisiar, vitneforklaringar og mobilbilete.

Han meiner det ikkje kjem til å halde i retten, og i alle fall ikkje til å få nokon dømde for drap.

Les også: Alt om dei to nordmennene som er arresterte i Kongo

- Trur ikkje det vert betre

Dei to tiltalte er klare for dagens rettssak og er førebudde på alt som kan skje, seier dei.

Under rettssaka på fredag var det henta inn ein engelsk tolk, men manglande språkkunnskapar skapte store problem. Innlegget til forsvarsadvokaten vart ikkje eingong omsett til engelsk.

I dag tidleg trudde dei likevel ikkje dei kom til å få nokon betre tolk i dag.

Den dei hadde sist var den beste dei hadde hatt, seier dei til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt