Hopp til innhold

Rettsdokument: Fox News-profilar trudde ikkje på konspirasjonsteoriane om valfusk

Trass i at dei sa noko heilt anna på lufta, trudde ikkje vertane i Fox News sjølv at Donald Trump tapte valet på grunn av fusk.

Media Fox News Hoax

TVILTE PÅ BAKROMMET: Blant dei som har fått meldingane publisert (frå venstre), er vertane: Tucker Carlson, Laura Ingraham og Sean Hannity.

Foto: AP

Det er november 2020. Joe Biden har nett vunne presidentvalet i USA. Motstandar Donald Trump nektar å erkjenne at løpet er køyrt, og fleire TV-vertar slenger seg på.

Ein av dei som får skulda på Fox-kanalen sine program, er selskapet som laga stemmemaskinane, Dominion Voting Systems.

Meir enn to år seinare har selskapet stilt Fox News for retten.

FILE PHOTO: Tennis - US Open

Rupert Murdoch leiar Fox Corporation.

Foto: Mike Segar / Reuters

Det er publisert ei rekke intern kommunikasjon som viser at både leiarar og TV-vertar ikkje trudde på påstandane sjølve, sjølv om dei snakka offentleg om dei.

Blant dei var leiaren for Fox Corporation, Rupert Murdock, som skal ha uttrykt mistru til konspirasjonsteoriane medan dei sirkulerte på kanalen.

For eksempel skal han ha sagt til ein annan Fox-toppleiar: «Forferdelege greier som er skadeleg for alle, fryktar eg.»

Han var ikkje den einaste. Denne samtalen skal vere mellom toppsjef Raj Shah og produsent Alex Pfeiffer:

22. november 2020

Raj Shah:Denne greia her er heilt vill akkurat no. Så mange folk som nektar ope for at Powell heilt tydeleg snakkar tull.
Alex Pfeiffer:Ho er ein jævla galning.

Den dåverande justisministeren var tydeleg om at påstandane ikkje stemte, og har sidan sagt at Trump mista grepet om røynda då han tapte valet.

På skjermen omfamna TV-vertar som Tucker Carlson og Laura Ingraham likevel konspirasjonsteoriane.

Då kameraet blei slått av, var saka ei anna. Slik skal ein av samtalane deira ha sett ut, ifølge dokumenta:

18. november 2020

Tucker Carlson:Sidney Powell lyg, forresten. Eg tok henne i det. Det er sinnsjukt.
Laura Ingraham:Sidney er fullstendig sprø. Ingen vil jobbe med henne. Ditto med Rudy.

Sidney Powell er ein advokat og Trump-støttespelar. Ho saksøkte fleire amerikanske delstatar der Biden hadde vunne, i håp om å hindre at resultata blei godkjente.

Ho har ikkje ønska å kommentere saka til amerikanske medium.

Georgia Election Investigation

Sidney Powell er tidlegare advokat for Donald Trump.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

Blir saksøkt av stemmemaskin-produsent

Rettsdokumenta har kome fram gjennom eit søksmål om æreskrenking.

Mykje står på spel for Fox, som er TV-kanalen med flest sjåarar i USA.

Stemmemaskin-selskapet har saksøkt for æreskrenking, og vil ha 1,6 milliardar dollar frå mediegiganten. Det svarar til kring 16 milliardar kroner.

Dokumenta inneheld kommentarar og sitat som avslørar at produsentar, leiarar og profilar i mediehuset meinte at påstandane om valfusk var falske.

Voting Machines

Dominion Voting Systems lagde mange av stemmemaskinane som blei brukt under valet i 2020. Biletet er frå Atlanta i USA.

Foto: John Bazemore / AP

Stemmemaskin-selskapet har blitt utsett for sterk kritikk frå konspirasjonsteoretikarar som feilaktig hevda at president Donald Trump vann presidentvalet i 2020.

Påstandane var blant anna at stemmemaskinane var rigga mot Trump, og at selskapet hadde hemmelege eigarar i Venezuela.

Etter valet kom til og med Fox sine interne faktasjekkarar fram til at påstandane var fullstendig grunnlause, og at «det ikkje finst bevis på utbreidd valfusk», ifølge NBC.

I søksmålet meiner selskapet at TV-kanalen med vilje spreidde falske påstandar som «omsynslaust ignorerte sanninga og skada Dominion sitt omdøme» for å få flest mogleg sjåarar.

– Eit angrep på den frie pressa

Fox sende inn eit motkrav torsdag, der dei skriv at stemmemaskin-selskapet ikkje har noko bevis for det høge erstatningskravet sitt.

Dei hevdar at Trump sine påstandar var «utvilsamt nyheitsverdige», og meiner søksmålet tek innhald frå dekninga ut av konteksten det blei framstilt i.

– Fox News sine sjåarar visste at det som blei rapportert var påstandar, heiter det i motkravet.

– Søksmålet er eit angrep på den frie pressa. Det blir laga mykje støy og forvirring av Dominion og dei opportunistiske eigarane, men kjernen i denne saka er framleis pressefridom og ytringsfridom.

LIV Golf

TV-vert Tucker Carlson (venstre) saman med Donald Trump på ei golfturnering i 2022.

Foto: Seth Wenig / AP

Fox News sjokkerte kampanjen til Trump ved å vere først ute i media med å kunngjere at Biden hadde vunne valet i Arizona.

Prognosen var deretter at han kom til å bli den neste amerikanske presidenten.

Sjåartala til Fox stupte etter at valet var ferdig og den sitjande presidenten nekta å gå av, skriv New York Times.

Ifølge avisa starta mange av kanalen sine mest populære profilar å snakke offentleg om konspirasjonsteoriar som involverte selskapet sine maskinar, og at det var desse som nekta Trump ei ny presidentperiode.

SISTE NYTT

Siste nytt