Hopp til innhold

Svenske brør er reinvaska i Kevin-saka

Brørne som blei peika ut som dei som drap fire år gamle Kevin i 1998, er reinvaska frå skuldingane. Ny etterforsking viser at dødsfallet truleg var ei ulukke.

Statsadvokat Niclas Wargren om frikjennelsen av brødrene i Kevin-saken

Etter nesten 20 år er brørne Robin og Christian Karlsson reinvaska frå drapsmistankane mot fire år gamle Kevin i 1998.

Saka blei teken opp att i fjor etter at SVT laga ein dokumentar om saka, der det kom fram at det hadde blitt gjort store feil i etterforskinga av saka, som førte til at brørne blei utpeikte som drapsmenn.

– Brørne er reinvaska. Dei har ikkje hatt noko med denne saka å gjere, sa etterforskingsleiar Niclas Wargren på ein pressekonferanse.

Annika Dahléns sønner ble anklaget for mordet på fire år gamle Kevin i 1998. Nå er hun og familien lettet over at de er renvasket.

Brørne var under 15 år då dei blei mistenkt for drap. Men dei er aldri dømde for hendinga. Wargren seier dei ikkje har teke stilling til spørsmålet om oppreising i etterforskinga dei har gjort.

Skadar i brystet

Den nye etterforskinga har sett på kva som kan ha vore grunnen til at Kevin døydde. Dei kan ikkje utelukke at det var ei drukningsulukke eller at det dreidde seg om seksuell vald, men dette er lite sannsynleg.

Obduksjonsrapporten viser at Kevin hadde skadar i brystet, som sannsynlegvis kjem av det Wargren kallar statisk vald. Det vil seie at guten har fått noko tungt over seg.

– Vi har gjort ein rekonstruksjon der vi har brukt ei dokke, som blei lagt på ein lastepall av same type som var på plassen der Kevin blei funnen. Vi har også latt ein lastepall falle mot dokka. Og då har vi kome fram til at ein lastepall kan ha falle mot kroppen til Kevin og forårsaka dødelege skadar.

Kevin (4) ble funnet drept i vannkanten i Kyrkviken ved Arvika i 1998.

Fire år gamle Kevin Hjalmarsson blei funnen på ein trepall i vasskanten i august 1998. No meiner etterforskarane at dødsfallet kan skuldast at guten fekk ein annan lastepall over seg.

Foto: Stefan Hyttfors, Pressens Bild / NTB scanpix

Dette gjer at Niclas Wargren tvilar på at det har skjedd noko kriminelt.

– Det er tvilsamt om det i det heile har dreidd seg om eit lovbrot, sa han på pressekonferansen.

Har gått gjennom materialet på nytt

Den nye etterforskingsgruppa har gått gjennom alt etterforskingsmaterialet på nytt. Dei har også snakka med rundt 80 personar. Blant dei som har blitt avhøyrt er fleire av dei som arbeidde med saka i 1998, i tillegg til gamle og nye vitne.

Christian Karlsson forteller hvordan det føles å være renvasket for drapet på fire år gamle Kevin i 1998.

Familien er veldig glade for at brørne endeleg er reinvaska. Og avgjerda kom på fødselsdagen til Christian Karlsson.

– Vi er frie. Det kjennest veldig bra. Dette er den beste gåva eg kunne ha fått på fødselsdagen min, seier han til SVT.

Den vidare etterforskinga blir no avslutta.

Sjå SVT-dokumentaren om Kevin-saka her.

SISTE NYTT

Siste nytt