Hopp til innhold

Regjeringspartiet ser ut til å vinne i Polen

Regjeringspartiet PiS (Lov og rettferdspartiet) ser ut til å bli største parti i parlamentsvalet i Polen med 43,6 prosent av røystene, viser ei utgangsmåling.

Polens statsminister Mateusz Morawiecki

Det ser ut til at statsminister Mateusz Morawiecki får halde fram i Polen.

Foto: Wojtek Radwanski / AFP

Den største opposisjonskoalisjonen ser ut til å få 27,4 prosent, medan eit venstreparti ser ut til å få 11,9 prosent av røystene, ifølgje same målinga frå Sigma Consulting.

Målinga er basert på spørsmål til veljarane i det dei forlèt røystelokalet.

Det endelege valresultatet er ikkje venta før tidlegast måndag.

Mektig partileiar

Jaroslaw Kaczynski er partileiar i PiS.

Partileiar Jaroslaw Kaczynski blir sett på som den verkelege leiaren i Polen.

Foto: Kacper Pempel / Reuters

Den mektige partileiaren i Lov og rettferdspartiet, Jaroslaw Kaczynski, erklærte partiet som vinnar av valet kort tid etter klokka 21, då valresultata stengde. Tidlegare statsminister Kaczynski blir rekna som den eigentlege leiaren i Polen, sjølv om han ikkje er statsminister.

Partiet hans har styrt Polen sidan 2015 og baserer seg på ein nasjonalistisk retorikk. Partiet har også tette band til Den katolske kyrkja, står for konservative verdiar og har blant anna gått hardt ut mot homofile sine rettar, ifølgje NTB.

Valdagsmålinga viser at samanslutninga Borgarkoalisjonen får 27,4 prosent av røystene, medan venstrekoalisjonen Lewica får 9,6 prosent. Om dette skulle bli resultatet betyr det at PiS kan få kontroll over 239 av dei 460 plassane i nasjonalforsamlinga. Valdeltakinga ser ut til å bli 61,1 prosent.

– Ingen kan kommunisere og snakke med kvarandre. Det er skam!

Økonomisk vekst

Mange observatørar ser føre seg nye konfrontasjonar med EU og det vestlege Europa om meiningsmålingane får rett. Den føregåande regjeringsperioden har det kome fram store motsetnader mellom den polske regjeringa og EU.

Partiet har støtte hos ein del med dårleg råd fordi dei har sett i verk ein del velferdstiltak retta mot fattige barnefamiliar.

Elles er Polen i dag prega av økonomisk vekst, låg arbeidsløyse og at mange polakkar som har arbeidd ute i andre europeiske land, kjem tilbake.

SISTE NYTT

Siste nytt