Hopp til innhold

– Ingen kan kommunisere og snakke med kvarandre. Det er skam!

I Polen er det høg temperatur framfor valet på ny nasjonalforsamling søndag. Folk kranglar så fillene fyk rundt middagsbordet, og mange er redde for å seie meininga si.

Maria Ryś

Lokalpolitikar for regjeringspartiet PiS, Maria Ryś, er optimist sjølv ho har mista vener fordi ho engasjerte seg i politikken.

Foto: Weronika Nitsch / NRK

– Eg er sikker på at vi kjem til å vinne!

Lokalpolitikar for det høgrepopulistiske regjeringspartiet PiS, Maria Ryś, er ikkje i tvil. Ho framhevar at PiS har betra økonomien til barnefamiliar.

Men ho vedgår at det kostar å involvere seg i politikken.

– Eg hadde ein veldig ubehageleg episode der ein ven av meg kutta alle band fordi eg sa høgt at eg kom til å stemme på Lov og rettferdspartiet, fortel ho til NRK.

– Eg veit ikkje kva som har skjedd i nasjonen, for eksempel folk som er på høgresida er redde for å seie meininga si, dei er redde for at folk vil sjå ned på dei, og dei er redde for å bli angripne, fortel Ryś.

– Betre å snakke om vêret enn politikk

Snakkar heller om veret i Polen

Ein mann slår avvæpnande ut med hendene. Eg trur det er best å snakke om vêret rundt middagsbordet, ikkje politikk.

Foto: Weronika Ntsch / NRK

NRK får kjenne på kor betent valkampen har blitt når vi møter folk på gata i byen Katowice.

Ein mann fortel oss at det beste er å snakke om vêret i familieselskap, for elles kan det fort bryte ut krangel og uvenskap.

Dei få som vil snakke viser kor steile frontane er. Ei eldre kvinne gjev den sittande regjeringa det glatte lag:

Skammar seg over regjeringa i Polen

Ei eldre kvinne langar ut mot regjeringspartiet PiS, og fortel ho skammar seg over dei.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– I denne regjeringa er det kaos, ingen kan kommunisere og snakke med kvarandre. Det er skam!

Ved sidan av finn vi to prestar ved eit kafebord. Den eldste av dei seier han vil stemme på Lov og rettferdspartiet (PiS). Og han støttar prosjektet til sjefstrategen for partiet Jarosław Kaczyński, som av EU blir skulda for å styre Polen i ei meir nasjonalistisk og autoritær retning.

Og han spår at EU vil kollapse fordi dei har vendt Gud ryggen:

– Og kva bygger ein på da? Eit fundament av leire. Før eller seinare kjem det til å kollapse. Det kan hende at eg ikkje lever da. Men du er ein ung fyr så du lever kanskje, og du kjem til å minnest mine ord. Det kjem til å ramle saman.

EU ein koloss på leirføter

Ein prest meiner EU er ein koloss på leirføter. Kollegaen til høgre synest det er litt harde ord.

Foto: Weronika Nitsch / NRK

Religion og familie er viktig

Polen er eit religiøst land, og regjeringspartiet PiS frir til konservative kristne ved å fronte konservative verdiar i valkampen.

Agnieszka

Agnieszka fortel NRK at ho er mot homofilt ekteskap. Folk har rett til å leve, men at ein minoritet ikkje skal tvinge sin skikk på andre, fortel ho.

Foto: Weronika Nitsch / NRK

Jarosław Kaczyński har brukt mykje energi på å åtvare mot trusselen som kjem frå det LGBT+-vennlege EU, der familiar kan ha «to fedrar eller to mødrer».

Samtidig lovar regjeringa å betre økonomien til barnefamiliar. Familiepolitikken har so langt vore ein suksess. Til dømes er barnetrygda styrka, noko som har gjeve fattige og talrike familiar betre økonomi.

Får kritikk av EU

For fire år sidan sikra PiS seg reint fleirtal i begge kamrane i nasjonalforsamlinga. Og Polen tok eit langt steg til høgre.

EU er spesielt uroa over det som blir oppfatta som angrep på pressefridomen og sjølvstendet til domstolane.

Til dømes fekk justisministeren myndigheit til å utnemne og seie opp dommarar, ei myndigheit som er blitt brukt til å seie opp 158 dommarar og visedommarar sidan 2017, skriv Balkan Insight.

Polen har fått internasjonal kritikk for denne og fleire andre omstridde lovendringar, og EU-kommisjonen har trua med at Polen kan miste stemma si i unionen på grunn av dette ved å aktivere artikkel 7.

Slår meiningsmålingane til vil PiS få ei oppslutning på rundt 45 prosent. Det er nok til å gje partiet reint fleirtal i underhuset, men det avheng av kor mange andre parti som kjem over sperregrensa. Dei tre største opposisjonspartia håpar framleis at dei saman vil kunne sikre seg regjeringsmakta.

SISTE NYTT

Siste nytt