Hopp til innhold

Regimetru religiøs leiar blant titals drepne i moské

Ein Assad-lojal religiøs leiar vart torsdag drepen under eit sjølvmordsåtak mot ein moské i sentrum av den syriske hovudstaden Damaskus.

Sjølvmordsåtak mot moské i Damaskus

Den regimevenlege geistlege sunnimuslimen Mohammed al-Buti er blant dei 42 dreone i åtaket mot Imam-moskéen i sentrum av den syriske hovudstaden.

Foto: Orient TV Syria

Det var den geistlege sunnimuslimen Mohammed al-Buti som vart drepen, melder syrisk fjernsyn.

Buti, som skal ha vore i 90-åra, var rekna som ein sterk tilhengar av Bashar al-Assad-regimet. Drapet på han medfører at diktatoren har ein mindre å støtta seg til blant framståande og respekterte alawittar - den religiøse minoritetsgruppa som han sjølv tilhøyrer.

42 drepne og 84 såra

Åtak mot moské i Syria

«Den store moské», som blei bomba torsdag, er ein av dei heilagste bygningane til muslimane.

Foto: Orient TV Syria

Det blei først meldt om minst 14 drepne i eksplosjonen, Talet vart seinare oppjustert til 42 av det syriske helsedepartementet.

84 menneske skal også vera såra i det syrisk fjernsyn omtalar som «eit sjølvmordsåtak frå terroristar».

Leiran for opposisjonen i Syria, Ahmed Moaz al-Khatib, kallar åtaket ei kriminell handling som dei tek fullstendig avstand frå..

Omayyade-moskeen som sjølvmordsbombaren slo til mot stammar frå år 705. Den vert også kalla «Den store moské» og er ein av dei heilagste bygningane til muslimane.

SISTE NYTT

Siste nytt