NRK Meny
Normal

Putin vil samarbeide med Frankrike som allierte

Russlands president Vladimir Putin har gitt ordre til den russiske marinen om å etablere kontakt med franske militære styrkar og samarbeide med dei som allierte i krigen mot IS i Syria.

Putin møter militærtoppar i Moskva.

Vladimir Putin samla dei viktigaste militær- og tryggingsmedarbeidarane sine til eit møte i Kreml i dag.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Putin sa dette då han møtte dei militære sjefane i Moskva i dag. Han bad den russiske marinen om å etablere kontakt med den franske marinen, slik at dei kan opne samarbeid med hangarskipet «Charles de Gaulle», som er på veg til farvatnet utanfor Syria.

Putin sa til militærtoppane at det er naudsynt å utarbeide ein felles plan for dei franske og russiske styrkane, og at det skal gjelde også i lufta.

– Semje om koordinering

Hangarskipet "Charles de Gaulle".

Det franske hangarskipet «Charles de Gaulle» er på veg til farvatnet utanfor Syria.

Foto: Christophe Ena / Ap

I ei fråsegn frå Kreml i ettermiddag heiter det at Putin og hans franske kollega François Hollande er samde om å koordinere angrepa mot IS i Syria. Meldinga er ikkje stadfesta frå fransk side, men dei to presidentane hadde ein telefonsamtale tidlegare i dag.

Dette skjer samstundes med at Russland har gjennomført sine mest omfattande angrep mot IS i Syria hittil i luftkrigen, både med fly og med kryssarrakettar skotne opp frå Kaspihavet. Angrepa var retta mot mål i provinsane Idlib og Aleppo. jennomført kraftige angrep mot IS-mål i Syria siste døgnet.

I løpet av dei 48 siste døgna har Russland floge 2300 tokt over Syria. Det er brukt langtrekkjande bombefly av typen TU-160 og TU-95 MS i angrepa, og i dag sa den russiske forsvarsministeren at dei sender ytterlegare 25 fly for å delta i angrepa mot IS i Syria.

– Vil trappe opp angrepa

Francois Hollande

Frankrikes president François Hollande reiser til Washington og Moskva neste veke.

Foto: ERIC VIDAL / Reuters

Vladimir Putin gjorde det på møtet med militærtoppane i Kreml i dag klart at det ikkje blir snakk om å trappe ned den militære innsatsen mot IS, snarare skal innsatsen trappast opp.

Russiske styresmakter sa i dag at alt tyder på at eit russisk passasjerfly som styrta i Sinai-ørkenen i Egypt nyleg, hadde ei bombe om bord . Vladimir Putin lovar å finne og straffe dei som var ansvarlege for å ha plassert bomba om bord. Egyptiske styresmakter seier framleis at dei ikkje har bevis for at flystyrten skuldast ei terrorhandling.

Terrororganisasjonen IS har teke på seg skulda både for flystyrten og for terrorangrepa i Paris sist fredag.

Russiske spesialstyrkar har fått ordre om å prioritere jakta på gjerningsmennene, og det er lovd ein dusør på 50 millionar dollar for opplysningar som fører til at dei blir tekne.

Frankrikes krig mot terror

Hollande til Washington og Moskva

Frankrikes president François Hollande reiser neste veke på besøk til både Washington og Moskva for å diskutere krigen mot IS med både Barack Obama og Vladimir Putin.

Frankrike har også bede om støtte frå dei andre EU-landa i kampen mot IS, etter å ha teke bruk ein klausul i EUs Lisboa-traktat som forpliktar medlemene til å hjelpe andre EU-land som blir utsette for angrep.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt