Hopp til innhold

Puerto Rico vil bli stat i USA

Innbyggjarane i Puerto Rico stemte for fyrste gong «ja» til å bli ein delstat i USA.

PUERTO RICO

Tilhengjarar av Puerto Rico som USAs 51. stat feirar etter å ha røysta i San Juan.

Foto: ANA MARTINEZ / Reuters

61 prosent av veljarane på den karibiske øya Puerto Rico stemte tysdag for å bli den 51. staten i USA, melder AFP.

Folkeavrøystinga fann stad samstundes med guvernørvalet på øya og presidentvalet i USA, der Barack Obama vart gjenvald.

Røystinga er ikkje bindande, og Kongressen i USA må også godkjenne om Puerto Rico skal bli ein delstat, men president Obama har tidlegare sagt at han kjem til å støtte det puertoricanarane bestemmer seg for.

Fjerde forsøk

Puerto Rico er eit sjølvstyrt område i samvelde med USA. Innbyggjarane har amerikanske pass og brukar amerikanske dollar. Øya vart ein amerikansk koloni i 1898.

Nær 80 prosent av veljarane brukte røysteretten i valet, melder BBC.

Dette var den fjerde folkeavrøystinga om status som amerikansk delstat, men den fyrste som landa på «ja»-sida.

Sterke band

Om øya får status som delstat tyder det at dei får stemme i alle amerikanske val. Men då må dei også betale skatt til dei føderale styresmaktene, noko dei ikkje gjer i dag.

Det er kring ein million fleire puertoricanarar i USA enn på sjølve øya, noko som gjer at mange meiner det er naturleg å bli ein av amerikas foreinte statar i næraste framtid.

SISTE NYTT

Siste nytt