NRK Meny
Normal

Prokurdisk parti ramma av eksplosjonar i Tyrkia

To eksplosjonar råka kontora til det prokurdiske partiet HDP sør i Tyrkia. Seks menneske er såra. Tilstanden til tre av dei er alvorleg.

TURKEY-KURDS-ATTACK

Eksplosjonar har råka to av kontora til det prokurdiske partiet HDP sør i Tyrkia. Fleire personar er skada.

Foto: STR / Afp

Den første eksplosjonen gjekk av i byen Adana, den andre like ved byen Mersin omtrent 85 kilometer vest frå Adana. Der skal ein blomsteroppsats som vart sendt til kontoret søndag, ha eksplodert då den vart opna måndag.

Fleire er såra

I Adana er seks personar skada og tilstanden til tre av dei er alvorleg. På kontoret ved Mersin er det ikkje meldt om nokon skadde. Ifølge ei kjelde som har prata med Reuters, så var det ein pakke som vart levert på kontoret i Adana også som eksploderte.

Ein video lagt ut på CNN Turk etter eksplosjonen i Adana viser kaoset utanfor kontoret til HDP. Det er framleis uklart kven som står bak åtaka.

TURKEY-KURDS-ATTACK-VOTE

Mannen er ein av seks som vart skada etter eksplosjon-åtaket i Adana i Tyrkia.

Foto: STR / Afp

Parlamentsvalet aukar spenninga

HDP-leiar Selahattin Demirtas, som søndag heldt tale på eit valmøte og planla eit nytt møte i Mersin måndag, seier partiet er blitt råka av rundt 60 åtak i forkant av parlamentsvalet 7. juni.

HDP forsøker å fjerne sperregrensa på ti prosent for å få seter i parlamentet. Dette kan svekka det noverande regjeringspartiet AKP sine planar om å nå målet om 550 seter i parlamentet, for få moglegheit til å endre konstitusjonen og styresettet.

President Recep Tayyip Erdogan, som har vore ved makta dei siste 11 åra har oppmoda sine tilhengarar til å gje sine valstemmer til 400 lovgjevarar som er medlemar av AKP. Det vil vera ein styrke for han når hans mål er å skrive om konstitusjonen og endre styresettet, ifølge AFP.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt