Hopp til innhold

Presidentval i Polen: – Eg håpar at ingen vil tene på homofobiske utsegner

Warszawa, Polen (NRK): Sjeldan har vi sett slik hatefull retorikk, fortel LHBT-aktivist Miko Czerwinski. Årsaka er at presidentvalet i Polen har blitt svært jamt.


Miko Czerwinski

Miko Czerwinski kjempar for å betre kåra til LHBT-personar i Polen. Han har sjølv opplevd angrep og trakassering.

Foto: Gorazd Jukovic / NRK

Czerwinski fortel at det er tøft å vere homofil i Polen. Sjølv måtte han og kjærasten bytte leilegheit fordi dei vart trakasserte av naboen.

Kjærasten hans har også blitt forfølgd av nynazistar som ynskjer å banke han opp.

Ein uforsonleg valkamp har berre vore med på å gjere klimaet verre for homofile og lesbiske.

Eg håpar at dei kandidatane som kom med homofobiske og eksluderande utsegner, ikkje vil bli vald til president.

Miko Czerwinski / Miko Czerwinski

Den sittande presidenten Andrzej Duda, hausta mykje kritikk da han sa at «LHBT er ein ideologi verre enn kommunismen».

Samtidig er det dette kjerneveljarane på den kristenkonservative landsbygda ynskjer å høyre.

– Når ein politikar seier slike ting, så gjer ein det stovereint for vanlege folk å meine dei same tinga, og vi ser at folk tek sjølvmord på grunn av homofobien dei møter på gata, fortel Czerwinski til NRK.

Valgplakater - presidentvalg i Polen

Dødt løp mellom Duda og utfordraren Trzaskowski har skapt ein bitter valkamp.

Foto: Agencja Gazeta / Reuters / NTB Scanpix

Jamn valkamp

Andrzej Duda låg lenge an til å bli attvald med god margin. Han hadde over 50 prosent oppslutning og ville ikkje eingong trenge ein andre valomgang.

Men koronakrisa gjorde at valet vart utsett. Så kom ein ny kandidat på banen, som gjer det svært godt på meiningsmålingane.

Warszawas ordførar Rafal Trzaskowski stormar fram mot ei tilslutnad i prosent på 30-talet på dei siste målingane. Duda har falle ned på 40.

Viss dei to møtest til ein andre valrunde, er det ifølgje Politicos poll of polls dødt løp mellom dei to.

Det er soleis duka for ein spanande andre valomgang 12. juli.

Vetorett

Skulle Trzaskowski stikke av med sigeren, vil regjeringspartiet ha langt mindre frie taumar. Presidenten kan legge ned veto mot nesten alle lovvedtak gjort i nasjonalforsamlinga.

Vetoet kan bli overstyrt med eit kvalifisert fleirtal, noko som vil bli krevjande med den noverande samansetninga i underhuset.

Liberal motvekt

Trzaskowski blir rekna som ei liberal motvekt mot det kontroversielle Rett og rettferd-partiet.


Miko Czerwinski

Når politikarar brukar ein homofobisk retorikk, blir det akseptabelt for vanlege folk å snakke slik og, åtvarar Czerwinski.

Foto: Gorazd Jukovic / NRK

Trzaskowski har likevel tona ned utsegner om LHBT, fordi det er eit betent tema i Polen, fortel Czerwinksi til NRK. Likevel er han rekna som eit betrakteleg betre alternativ enn sittande president, fortel Czerwinski.

Når NRK snakkar med Czerwinski er det dagen før valet, valkampen er over, og han understrekar er ikkje lov til å snakke om politikk i media.

Men han klarar likevel ikkje dy seg:

– Eg håpar at dei kandidatane som kom med homofobiske og eksluderande utsegner, ikkje vil bli vald til president.

Det er venta første valdagsmåling vil komme klokka 21 på søndag når vallokala stenger.

SISTE NYTT

Siste nytt