Hopp til innhold

President­kandidat drepen i Ecuador: – Skulle det vere nokon, måtte det bli han

Kokain, korrupsjon og vald: Fernando Villavicencio hadde ein plan for å slå ned på kriminelle nettverk i Ecuador. Onsdag kveld blei han sjølv drepen.

Fernando Villavicencio vaiar med det ecuadorianske flagget på ein valkampanje.

KRITISK STEMME: Presidentkandidat Fernando Villavicencio berre minutt før han blir skoten og drepen på eit partimøte. Han er kjend for å vere kritisk til den ecuadorianske leiinga.

Foto: API / AP

– Dette er ei stor hending i Latin-Amerika, og er tett knytt til korrupsjon og kokainhandelen som Ecuador er ein del av.

Det seier Benedicte Bull, professor ved Universitetet i Oslo og ekspert på Latin-Amerika.

På veg ut av eit valarrangement på ein skule i hovudstaden Quito, blei Fernando Villavicencio skoten i hovudet tre gonger. Han blei stadfesta død kort tid etter, på eit sjukehus i nærleiken.

Minst ni andre personar skal også ha blitt skote på. Tilhengarar som var på valkampanjen, i tillegg til to politifolk, var blant dei skadde. Ingen skal ha døydd av skadane.

Mannen som skaut, blei sjølv skoten og drepen av sikkerheitsstyrkar som var på staden.

Fernando Villacienco held opp ein knyttneve, ser i kamera og smiler. Han har på ei raud dressjakke og kvit skjorte. Svarte brille.

Fernando Villavicencio har tidlegare jobba som gravejournalist. Hans hovudfelt var korrupsjonssaker.

Foto: RODRIGO BUENDIA / AFP

Kritikk mot regjeringa

Benedicte Bull ved UiO viser til at to ordførarar i Ecuador blei drepne tidlegare i år, men seier at det er eit sjokk at dette no skjer med ein presidentkandidat:

– Men at det var han, som har vore open i sin kritikk av korrupsjon blant politikarar, i tillegg til dei kriminelle organisasjonane, er ikkje overraskande. Skulle det vere nokon, måtte det bli han.

Les også Her bruker de kokain som bygningsmateriale

Sementblander fores med kokain i Ecuador.

Ecuador har i fleire år slite med høg kriminalitet, korrupsjon og narkotikasmugling - og Villavicencio har vore ei av dei mest kritiske stemmene til politikarane i landet.

Han ønskte å identifisere strukturane for korrupsjonen og kriminaliteten i landet, for så å kjempe imot det. Dette kalla han for «antiterrorist-planen».

Professor Benedicte Bull

Benedicte Bull har forska på Latin-Amerika, og seier at Ecuador begynner å minne om Colombia på 80- og 90-talet.

Foto: Robert Rønning / Robert Rønning / NRK

Frå fred til vald

Bull skildrar Ecuador som eit land som har gått frå å vere eit av dei fredelegaste landa i Sør-Amerika, til å bli eit valdssentrum, på berre ti år.

– Ein årsak er at kokain-produksjonen i Colombia har auka. Ecuador er eit transittland mot Europa, med kyst og ei viktig hamn i byen Guayaquil.

– Slik transport krev tett samarbeid med styresmakter og transportselskap, seier ho.

Presidenten i landet, Guillermo Lasso, blei i mai stilt for riksrett av nasjonalforsamlinga, skulda for korrupsjon, som Villavicencio var med på å avdekke.

Dette er grunnen til at det skal vere presidentval i august, berre to år etter at Lasso vann valet i 2021.

Guillermo Lasso står ved eit podium. Gestikulerer med ei hand og snakkar inn i ein mikrofon. Bak han heng nasjonalflagget til Ecuador.

Guillermo Lasso blei vald som president i 2021. Han stiller ikkje til nyval i 2023.

Foto: KAREN TORO / Reuters

Truslar frå narkotikakartell

I forkant av drapet skal Villavicencio ha fått konkrete truslar frå narkotikakartell i landet. Truslane blei melde til politiet, som resulterte i ei varetektsfengsling.

Han skal også ha kritisert den noverande regjeringa si handtering av organisert kriminalitet, ifølge den spanske avisa El Pais.

Villavicencio var førre veke klar i sin tale om at politiet veit kvar dei kriminelle og narkotikasmuglarane oppheld seg.

Han åtvara om at han kom til å «reinske den offentlege politistyrken» viss han vinn valet.

Les også Minister advarer Europa: Et avslørende skjermbilde kan koste ham livet

KUNSTIG BAKGRUNN: Belgias justisminister får ikke vise et skjermbilde som kan avsløre hvor han sitter når han gir intervjuer.

President Guillermo Lasso er blant dei som no drar ein parallell frå drapet til Villavicencio til kampen hans mot organisert kriminalitet:

– Den organiserte kriminalitet har gått for langt, men dei vil kjenne vekta av lova.

– For hans minne og for hans kamp, ​​forsikrar eg dykk om at dette brotsverket ikkje vil gå ustraffa, skriv Lasso på X/Twitter.

Lenin Moreno og Guillermo Lasso sit ved eit bord med blomar på seg. Det ser ut som eit offisielt møte. Dei har mikrofonar framfor seg. Ecuador sitt flagg i bakgrunnen.

Tidlegare president Lenin Moreno og avtroppande president Guillermo Lasso har begge blitt skulda for korrupsjon.

Foto: EDUARDO SANTILLAN / AFP

Avdekte presidentkorrupsjon

Fernando Villavicencio blei først kjend som ein anerkjent gravejournalist. Han skreiv fleire store saker på korrupsjonsfeltet.

Som politikar, leia han «Parlamentarisk front mot korrupsjon»:

Villavicencio og andre politikarar samla informasjon og skulda dei tre siste presidentane for korrupsjon: Rafael Correa, Lenin Moreno og Guillermo Lasso.

Correa, som blei dømd for avdekkingane, har no fordømt drapet på kritikaren sin. I samband med drapet kallar den tidlegare presidenten Ecuador for «ein mislukka stat»

fernando villavicencio held hendene opp i veret. Held handa til ein person som ikkje står i biletet. Bak han er Ecuador sitt flagg på ein valplakat.

Fernando Villavicencio var ein av åtte presidentkandidatar til valet, som skal vere 20. august.

Foto: KAREN TORO / Reuters

Professor Benedicte Bull ved UiO fortel om eit land som har eit sosialt problem, og som slit med rekruttering til kriminelle organisasjonar og mykje vald.

Ho ser ein tendens i landet som kan minne om nabolandet Colombia:

– Ecuadoriansk politikk begynner å likne på Colombia på 1980- og 1990-talet, då Pablo Escobar herja som verst.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt