Hopp til innhold

Portugal midt inne i tredje bølge med koronaviruset

Akkurat no er Portugal det landet i verda som har det høgaste smittetrykket. Plassmangel på sjukehusa gjer at ambulansane må stå fleire timar i kø før pasientane får komme inn.

Kø av ambulanser utenfor et sykehus i Lisboa

LANGE KØAR: Ein helsearbeidar gir klarsignal til at ein sjukebil. På grunn av plassmangel ved sjukehusa må pasientar vente fleire timar i kø utanfor før dei får kome inn.

Foto: PEDRO NUNES / Reuters

Den tredje smittebølga med koronaviruset har treft Portugal med full styrke. Utanfor Santa Maria-sjukehuset i hovudstaden Lisboa står ambulansane i kø med nye pasientar. Men ventetida blir lang fordi kapasiteten inne på sjukehuset er sprengt.

Måndag takka den portugisiske regjeringa ja til hjelp frå Tyskland, som sender helsepersonell, sjukehussenger og pustemaskiner til landet.

– Portugal er i ein særleg dramatisk situasjon, og i slike tider er solidariteten i Europa viktig, sa den tyske forsvarsministeren Annegret Kramp-Karrenbauer til AFP.

Også Austerrike og Spania har sagt at dei kan hjelpe Portugal i ein vanskeleg situasjon.

Ambulanse med covid-19 pasient i Lisboa

Fulle sjukehus på fastlandet gjer at pasientar må bli frakta til øya Madeira for å få behandling. Her kjem ein pasient frå Lisboa til sjukehuset i Funchal.

Foto: DUARTE SA / Reuters

Høge dødstal

Portugisiske styresmakter seier at det er den britiske mutasjonen av koronaviruset som gjer at smittetrykket i landet har auka kraftig den siste tida.

Nesten 13.000 personar er døde av koronaviruset i Portugal. Over 5500 av desse døydde i januar.

Det har også ført til høgt press hos gravferdsbyråa i Portugal.

– Det er kaos. Det er så mange døde at vi ikkje har nok plass til alle, seier gravferdsagenten Arthur Palma til AFP.

Norske Arnt Jensvoll har budd i Portugal i 18 år. Han bor i byen Cascais, tre mil vest for Lisboa. Han seier til NRK at han merkar at folk er prega av situasjonen.

– Vi merkar at folk rundt oss trekk seg tilbake, og mange reagerer dersom ein går på gata utan munnbind. Så alvoret begynner å gå opp for folk.

Tomme gater i Lisboa på grunn av covid-19

Matbutikkar og apotek får halde ope under nedstenginga i Portugal. Gatene i Lisboa er nesten tomme for folk.

Foto: PEDRO NUNES / Reuters

Han trur dei tette banda mellom generasjonane i Portugal kan vere ein viktig årsak til at smitten har fått spreie seg så lett.

– Familien står veldig sterkt i Portugal. Det er nesten utenkeleg for portugisarar at det går ei helg utan at ein ser foreldre og besteforeldre.

Teikn til betring

Den tredje virusbølga slo inn med den britiske virusvarianten like etter at Portugal hadde letta på ein del restriksjonar ved juletider.

Dei måtte difor stenge ned på nytt. No er det berre matvarebutikkar og apotek som er opne.

– Portugal er no det hardast ramma landet i verda, men vi ser teikn på betring, seier den portugisiske virologen Pedro Simas til AFP.

Kø av bilder som venter på koronatesting i Portugal

Folk sit i bilkø for å la seg teste for covid-19 i utkanten av Lisboa.

Foto: CARLOS COSTA / AFP

Tysdag rapporterte det portugisiske helsedirektoratet om færre enn 6000 nye tilfelle for andre dag på rad. Det er første gong sidan 5. januar.

Også talet på innlagde på sjukehusa har gått noko ned dei siste dagane.

SISTE NYTT

Siste nytt