NRK Meny
Normal

Politisjef vitnar i Mubarak-saka

Det er aggresiv stemning i Kairo måndag. Dei første vitnene skal forklara seg om massedrapa under den egyptiske revolusjonen når rettssaka mot eks-president Hosni Mubarak held fram i dag.

Under dagens rettsrunde er det sentrale spørsmålet kven som gav ordre om å losna skot mot demonstrantane i Kairo under 25. januarrevolusjonen.

Dommarane ønskjer å få svar på om det var innanriksministeren som eine og åleine beordra åtaka, eller om Mubarak også gav si velsigning til massedrapa på sivile.

Mubarak risikerer dødsstraff dersom han blir funnen skuldig i drapa. Eks-presidenten sjølv nektar skuld.

Politisjef i vitneboksen

Den tidlegare innanriksministeren Habib al-Adli sit på tiltalebenken saman med Mubarak, eks-presidenten sine to søner Gamal og Alaa og seks tryggingssjefar.

Ein politisjef og tre andre politibetjentar skal inn i vitneboksen og avgje dei aller første vitneforklaringane i rettssaka mot 83-åringen Mubarak, melder Reuters.

– Påtalemakta har kalla inn fire vitne som er dei vurderer som viktige i bevisføringa mot Mubarak og dei andre, seier Gamal Eid, ein advokat som representerer 16 av revolusjonsoffera.

Video Samanstøytar før ny rettsrunde mot Hosni Mubarak

Samanstøytar i Kairo før den tredje rettsrunden mot Hosni Mubarak.

Hat og sympati

Helikopteret som frakta Mubarak til rettslokalet landa like før klokka 11 i føremiddag. Den skrøpelege eks-presidenten skjerma andletet frå sola medan han vart frakta inn i bygningen liggjande på ei sjukebåre, viser bilete frå statleg fjernsyn. Kort tid etter vart retten sett i det som er den tredje rettsrunden i straffesaka.

Det er fullstendig kaos i området. Sympatisørar og motstandarar av Mubarak har barka saman og kastar stein på kvarandre.

– Politiet jaktar på bråkmakarane. Ein mann med fjeset dekt med blod sprang nettopp forbi meg. Det er tydeleg sterke kjensler i sving her i Kairo i dag, seier BBC-korrespondent Bethany Bell.

Hundrevis av demonstrantar skubbar og dyttar i forsøk på å bryta sperringane og koma seg inn i rettslokalet. Dei kastar sand på det svartkledde opprørspolitiet, som svarar med å ta i bruk gummikøllene sine.

Nokon egyptarar ropar støttande slagord, medan andre vil sjå eks-presidenten hengande i galgen. Store politistyrkar har kome til for å stoppa uroa, og har førebels lukkast med å skilja dei to sidene frå kvarandre.

Mubarak får hjelp frå Kuwait

Heile verda har følgt omveltninga i Egypt med ørneblikk, og blant egyptarane sjølve er det spesielt sterke kjensler knytta til rettsprosessen mot mannen som styrte landet deira med jernhand i 30 år.

Mubarak har heldt til på eit militært sjukehus i utkanten av Kairo sidan rettssaka starta. 83-åringen er ved dårleg helse, og vekte oppsikt då han kom til rettslokalet bleik og liggjande i sjukebåre.

I dag sluttar ti advokatar frå Kuwait seg til Mubarak si forsvarsgruppe. Advokatane seier dei vil bistå Mubarak som takk for at han støtta den USA-leidde FN-koalisjonen som kasta irakiske styrkar ut av Kuwait i 1991.

(Saka held fram under biletet)

Mubarak

Hosni Mubarak har dårleg hjarte og blei frakta inn i sjukeseng førre rettsrunde

Foto: REUTERS TV / Reuters

Forbyr live-TV

Tidlegare har befolkninga fått høve til å følgja rettssaka på direktesendt fjernsyn, og interessa var enorm då startskotet for den rettslege prosessen gjekk den 3.august.

På Tahrir-plassen vart stemninga amper då sympatisørar og motstandarar av eks-presidenten stimla saman for å sjå sendinga på storskjerm, og store politistyrkar var sette inn for å stoppa valdelege samanstøytar.

Dommarane har no innført forbod mot direkteoverføringar frå rettslokalet.

– Det er for å verna om interessene til ålmenta, sa dommar Ahmed Refaat.

Ønskjer ro og rettferd

Hosni Mubarak på båre i rettssalen

Styresmaktene fryktar for tryggleiken til den upopulære Mubarak. Han blir plassert i eit jernbur i rettslokalet.

Foto: REUTERS TV / Reuters

TV-stasjonane får filma under rettssaka, men må venta med å kringkasta bileta frå rettslokalet til etterpå. Avgjerda har likevel sett sinna i kok i Egypt.

– Dette er ikkje rett. Korleis kan eg finna ro og rettferd då, spør Ramadan Ahmed.

Ahmed var far til ein 16 år gammal demonstrant som vart drepen under opptøyane i vinter. Han blei nekta innpass i rettssalen under høyringa den 15.august.

– Eg ønskjer å sjå rettferden seira, sa Ahmed til nyheitsbyrået AP

Atmosfæren i rettslokalet var svært anspent under førre høyring. Protestane hagla då den tredje rettsrunden mot Mubarak, som etter planen skulle gå den 15.august, blei utsett.

Både advokatar og pårørande til mange av dei drepne under Revolusjonen i Egypt hoppa opp på benkene i rommet og ropte «avretting» då Mubarak blei frakta ut av tryggingsburet han vart plassert i.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt