Hopp til innhold

Politimann drepen i Aten

Ein sivilkledd politimann som vakta eit vitne i ei terrorsak, vart skoten og drepen i den greske hovudstaden Aten i dag tidleg.

Minst to ukjende personar, som kom køyrande på motorsykkel, fyrte av skot mot politimannen, som sat i ein sivil bil utanfor heimen til vitnet.

Han vart treft av rundt 15 kuler, opplyser Aten-politiet.

Vitnet politimannen skulle vakte var eks-kona til ein medlem av gruppa «Folkets revolusjonære Kamp» (ELA). Kvinna har vitna mot eks-mannen og andre medlemer i den forbodne gruppa.

Fire medlemer av ELA vart dømde til 25 års fengsel i 2004, men desse er seinare sette fri av helsemessige årsaker.

ELA (Epanastatikos Laikos Agonas) er rekna som den mest aktive av greske ekstremistgrupper. ELA, som høyrer heime langt ute på den politiske venstresida, vart stifta i 1974 etter militærjuntaen sitt fall.

Gruppa har spesialisert seg på angrep mot politi, bankar, regjeringskontor og amerikanske interesser.

Det var eit liknande angrep mot ein politimann i januar i år, men då overlevde offeret.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt