Hopp til innhold

Politimann drepen av sjølvmordsbombe i Tyrkia

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein sjølvmordsbombar tok livet av ein politimann og skada 19 andre personar utanfor ein politistasjon i Tyrkia. Gjerningsmann nummer to skal ha overlevd eksplosjonen.

Ei bombe eksploderte i ein bil utanfor politistasjonen den midtre Kayseri-provinsen i Tyrkia i dag.

Kayseri er lokalisert 325 kilometer søraust for den tyrkiske hovudstaden Ankara.

Ein politimann blei drepen i bombeåtaket, samt ein av gjerningsmennene som sat i bilen. Ein annan politimann blei også skadd.

– Ein gjerningsmann overlevde

Bombeåtaket tok livet av ein gjerningsmann og ein politimann, og såra om lag 20 sivile personar som var i nærleiken av politistasjonen. Seks av desse skal vere alvorleg skadde, ifølgje nyheitskanalen NTV.

– Vi høyrte eit stort smell sjølv om kontoret vårt er to kilometer vekk frå politistasjonen, seier eit vitne som var på jobb på det lokale rådhuset.

Bombeeksplosjon i istanbul, Tyrkia

ISTANBUL: 5. mars i år blei 16 personar skadde i bombeeksplosjon. Ingen tok på seg ansvaret for dette åtaket, heller.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters

– Vi såg ei stor røyksky som steig opp, men vi anar ikkje omfanget av eksplosjonen frå her vi står no, seier vitnet til nyheitsbyrået Reuters.

Ingen tek på seg ansvaret

Ifølgje fleire nyheitsbyrå og tyrkiske TV-kanalar skal det ha vore ein annan gjerningsmann i bilen saman med sjølvmordsbombaren som døydde.

Ifølgje tyrkiske medium skal det vere ein person til involvert i åtaket. Den andre personen i bilen skal ha overlevd eksplosjonen.

Både kurdiske, islamistiske, inkludert al Qaida, og venstreekstremistiske militante grupperingar har tidlegare gjennomført bombeåtak i Istanbul.

Men ingen tok umiddelbart på seg ansvaret for bilbomba som gjekk av utanfor politistasjonen i Kayseri i dag.

Tv-kanalen NTV sa at gjerningsmannen hadde prøvd å køyre bilen nært inntil politistasjonen rett før eksplosjonen.

Fleire militante grupper går til åtak

5. mars i år blei 16 personar, deriblant 15 politimenn, skadde i ein bombeeksplosjon i Istanbul. Ingen tok på seg ansvaret for bombeåtaket, som blei utført ved hjelp av fjernkontroll.

I mai 2011 blei åtte personar såra då ei bombe eksploderte nær eit busstopp i det fasjonable Etiler-distriktet i Istanbul, som er den største byen i Tyrkia.

Konflikten i Tyrkia

Tyrkia er eit sosialt splitta land, med enorme forskjellar i utdannings- og inntektsnivå mellom bybefolkninga i vest og dei mindre landsbyane i aust.

Den kurdiske minoriteten i aust utgjer nesten 20 prosent av befolkninga, og har vore diskriminerte i ei årrekkje.

Tyrkisk politikk er prega av spenningar mellom politikarar og sterke statlege institusjonar som rettsvesenet og hæren. I tidsrommet 1984–1999 var det full krig mellom den kurdiske geriljaen PKK og det tyrkiske militæret.

Grove brot på menneskerettane

Landet har i fleire år blitt skulda for grove brot på menneskerettane, særleg mot den kurdiske minoriteten og politiske fangar.

Dei siste åra har regjeringa sett i gang omfattande reformer for å betre situasjonen slik at landet skal oppfylle krava for medlemskap i EU.

SISTE NYTT

Siste nytt