Hopp til innhold

Politikar blir truleg utestengd frå Sverigedemokraterna etter muslimutsegn

Ein politikar i Sverigedemokraterna blir truleg kasta ut av partiet etter at han i eit innlegg på landsmøtet sa at muslimar ikkje er fullt ut menneske. Partiet varslar hastebehandling av saka.

Martin Strid seier at det er mogleg å setje menneske inn på ein skala frå 0 til 100 prosent menneske.

Innlegget til Martin Strid under landsmøtet til Sverigedemokraterna laurdag, har skapt debatt. Han sa at mange muslimar ikkje fullt ut var menneske. Partiet har bede han forlate landsmøtet.

Det var under ein kulturdebatt på landsmøtet til Sverigedemokraterna politikaren Martin Strid kom med utsegna som har skapt sterke reaksjonar i Sverige. I innlegget, som blei sendt direkte på SVT, seier Strid at det er mogleg å setje menneske inn på ein skala frå 0 til 100 prosent menneske.

– I den skalaen er ein 100 prosent fullt ut menneske og human. I den andre enden er ein 100 prosent muhammedanar. Alle muslimar er ein stad på denne skalaen, sa Strid frå talarstolen.

– Dersom ein er IS er ein nær 100 prosent muhammedanar, er ein eks-muslim har ein kome langt i å bli fullt ut menneske.

Søndag formiddag beklaga Martin Strid, og sa det var ein uheldig kommentar dersom nokon tolka det som at han ikkje ser på muslimar som fullverdige menneske.

– Eg kjenner ein del muslimar, og er god ven med ein del. Menneske er menneske, naturlegvis, seier han til Aftonbladet.

Kan bli utestengd

Sverigedemokraterna vurderer no å kaste Strid ut av partiet etter innlegget han heldt laurdag, melder SVT. Magnus Olsson, som leiar utvalet som tek stilling til om medlemmar skal bli ekskluderte, har allereie meldt inn ei innstilling om å stenge ute representanten.

– Det Martin Strid sa om muslimar og islam er ikkje i samsvar med vår politikk og korleis vi uttrykker oss, seier han til SVT.

Han håper Strid vil forlate partiet frivillig. Dersom det ikkje skjer, kan utfallet bli ein eksklusjon, seier Olsson.

– Vi skal ha ein prosess, og det er ikkje eg som bestemmer. Men mitt stalltips er at det blir ei utestenging.

Sverigedemokraterna har no vedteke ei hurtigbehandling av saka. Det vil seie at dei skal kome med ei avgjerd innan 48 timar. Partiet har også bede Martin Strid om å forlate lokalet og landsmøtet, seier Henrik Gustavsson i presseavdelinga til partiet til Aftonbladet.

Kallar det rå rasisme

Annie Lööf

Partileiar i Centerpartiet, Annie Lööf, meiner innlegget til Martin Strid på landsmøtet til Sverigedemokraterna vitnar om at partiet har blitt meir rasistisk.

Foto: Maja Suslin / NTB scanpix

Ein av dei som har reagert på utsegna frå Strid, er partileiar i Centerpartiet, Annie Lööf. Ho meiner Sverigedemokraterna er i ferd med å ta eit langt steg mot ekstremisme, skriv Aftonbladet.

– Den siste veka har Sverigedemokraterna vist at dei er i ferd med å bli radikalisert, både i retorikk og tone, seier ho.

Og på Twitter kallar ho innlegget til Strid for rå og uanstendig rasisme, og spør kva partileiar Jimmie Åkesson tenker om den opne rasismen i Sverigedemokraterna.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt