Vi er på patrulje med politiet i den polske byen Walbrzych. Her var det på det meste fem store kolgruver.
Den siste blei nedlagd i 1999, men byen er bokstaveleg talt bygd på toppen av ei diger kol-åre.
Sidan har det vakre skogområdet blitt nasjonalpark, og det er nettopp her kolet ligg så nær overflata at ein kan bruke spade og hakke for å få tak i det.
No må politiet hyppig patruljere dei gjørmete skogsvegane på jakt etter ulovleg kolgraving, fortel politimannen Tomasz Sakowski til NRK.
– Vi ser ein aukande trend. Etter kvart som kolprisen stig er det fleire og fleire som er villige til å kjøpe kol på svartebørsen. Det er rett og slett billegare, seier han.
Fryktar dødsfall
Vi kjem til ei opning i skogen der det er grave fleire store hol. Det djupaste er om lag fire meter djupt.
Sakowski fortel at desse hola er ein fare for både dei som grev kol og folk som er ute og går tur.
– Turgåarar kan ramle nedi og veggane kan kollapse når som helst. Det har skjedd dødsulukker i samband med illegal kolgraving, seier politimannen.
Grev kol med bil og hengar
Folk kjem med bil og hengar og byrjar å grave, fortel Sakowski.
På ein time kan ein person tene 2000 kroner. Ei vanleg arbeidarløn i Polen er på rundt 10.000 kroner i månaden.
På bakken kan ein sjå at det er tent bål og tomme ølboksar ligg strødd. Det er tydeleg at her har det vore både fest og grilling medan ein har drive på med denne uortodokse kolgravinga.
Kolet blir selt på svartebørsen, gjerne ved hjelp av sosiale medium eller gjennom vener og slekt, ifølgje politiet.
Skyhøge kolprisar
Like i nærleiken besøker vi ei bedrift som sel kol på lovleg vis. Kolprisane er snart femdobla.
Vi møter den fortvilte kunden Robert, som fortel at han må stramme inn livreima. Det blir færre kinoturar og restaurantbesøk, forklarar han.
– Men eg har i det minste råd til å kjøpe det eg treng til vinteren. Det er mange pensjonistar som er i ein heilt tragisk situasjon, det er katastrofe for dei, seier Robert.
Om lag førti prosent av polske husstandar nyttar kol til oppvarming om vinteren. Og no kjem den kalde årstida.
Kolmangel i Polen
Polen har som resten av EU gjort ein innsats for det grøne skiftet. Mange kolgruver er stengde og gjort om til museum og nasjonalparkar.
Men med sanksjonane mot Russland har det blitt kolmangel i Polen.
Det er slutt på å importere billeg kol frå det store landet i aust. Før krigen i Ukraina importerte polakkane ti millionar tonn kol frå Russland.
Mykje kol går også med til å generere elektrisitet fordi det er slutt på å importere gass frå Russland.
Konsekvensen av dette er at den polske kolforhandlaren NRK besøkte har byrja importere frå Australia og Colombia.
Og dette i ein del av Polen der folk bur på toppen av store kolreservar.