Hopp til innhold

Politiet får 36 timar ekstra

Politiet i Ipswich får meir tid på seg til å skaffe fram bevis mot dei to som er fengsla i samband med drapa på fem prostituerte kvinner.

Politiet arbeider på spreng i prostitusjonsdrapssaka i Ipswich.
Foto: MAX NASH / AP

Ein domstol avgjorde i dag å gi politiet nye 36 timar før dei anten må setje dei to mistenkte fri, eller tiltale dei.

Dei to som sit fengsla er ein 37-år gammal butikktilsett og ein 48 år gammal lastebilsjåfør.

Ei anonym politikjelde seier til Daily Telegraph at dei to tydelegvis ikkje kjenner kvarandre.

 

Dei fem drapsoffera frå prostitusjonsmiljøet i Ipswich.
Foto: SUFFOLK POLICE / AFP

Kjelda seier likevel at arrestasjonen av 48-åringen var svært viktig for etterforskinga.

Dermed har politiet frist til fredag morgon med å skaffe fram bevis mot 37-åringen, som vart arrestert først. For 48-åringen, som vart arrestert eit døgn seinare, er fristen laurdag morgon.

Om dei ikkje greier dette vil dei måtte setje begge to fri.

Begge dei to arresterte mennene var faste kundar i prostitusjonsmiljøet i Ipswich, og begge to kjende truleg dei drepne kvinnene.

 

SISTE NYTT

Siste nytt