NRK Meny
Normal

Poeten som vart krigsforbrytar

Radovan Karadzic er arrestert, etter å ha leika katt og mus med det internasjonale samfunnet i over 10 år.

Radovan Karadzic i sine velmaktsdagar på 90-talet.

Radovan Karadzic i sine velmaktsdagar på 90-talet.

Foto: MICHAEL EVSTAFIEV / AFP

Den karismatiske mannen med den viltre luggen er utdanna psykiater, og har også utgitt fleire bøker med eigen poesi.

Men det var ikkje den humanistiske innsatsen som gjorde han internasjonalt kjend.

I dag blir namnet hans assosiert med massakre, tortur og andre krigsbrotsverk. Det er dette han må svare for i Den internasjonale krigsforbrytardomstolen i Haag i Nederland, dit han truleg blir utlevert.

Dette er eit ferskt bilete av Radovan Karadzic.

Dette er eit ferskt bilete av Radovan Karadzic.

Foto: HO / REUTERS

Fødd i Montenegro

Radovan Karadzic er fødd i 1945 i Montenegro i det dåverande Jugoslavia i ein sterkt nasjonalistisk serbisk familie. Faren hans var under andre verdskrigen geriljasoldat i ei gruppe som vart kalla tsjetnikar.

Dei var serbiske nasjonalistar som slost både mot den tyske okkupasjonsmakta og mot partisanane til kroaten Tito, som seinare vart jugoslavisk president.

Faren sat i fengsel under det meste av Radovan sin oppvekst, men han fekk med seg det nasjonalistiske tankegodset som prega familien.

Han hamna i Sarajevo i 1960. Her møtte han kona si Ljiljana, og det var her han utdanna seg til lege med psykiatri som spesialfelt. Han var ferdig utdanna i 1971, men gav alt tre år før ut si første poesibok.

Han var sterkt influert av den nasjonalistiske serbiske forfattaren Dobrica Cosic, og det var han som oppmuntra den unge legen og poeten til å gå inn i politikken.

Stor-Serbia

Han var med på å danne Det serbiske demokratiske partiet i Sarajevo i 1990, som svar på at kroatiske nasjonalistar danna parti i Bosnia, som då var ein delstat i Jugoslavia. Målet for partiet var danning av eit Stor-Serbia.

Då Bosnia-Herzegovina vart internasjonalt godkjend som ein sjølvstendig stat, var han med på å proklamere ein sjølvstendig serbisk stat i Bosnia-Herzegovina med Pale som hovudstad. Karadzic vart valt til president.

Partiet til Karadzic, med støtte frå den serbiske leiaren Slobodan Milosevic, organiserte oppbygginga av dei militære styrkane som skulle kjempe mot dei bosniske muslimane og kroatane.

Dette starta ein blodig krig, der dei serbiske styrkane heldt Sarajevo under konstant beleiring i 43 månader. Innbyggjarane levde heile tida under trusselen frå artilleriangrep og snikskyttarar, og fleire tusen sivile vart drepne.

Etnisk reinsing

Fleire hundre tusen muslimar og kroatar vart fordrivne frå heimane sine i det som seinare har blitt kjent under omgrepet etnisk reinsing.

Utallege overgrep er dokumenterte, blant anna vart kvinner og jenter valdtekne i stor skala.

Bosniske muslimar og kroatar tekne som krigsfangar vart internerte i konsentrasjonsleir-liknande leirar, der mange vart utsette for tortur. Det er også dokumentert at fangane ofte fekk altfor lite mat.

Etter krigen i Bosnia-Herzegovina, den blodigaste konflikten i Europa sidan andre verdskrigen, vart Krigforbrytardomstolen i Haag etablert i 2005.

Radovan Karadzic vart saman med hærsjefen sin Ratko Mladic tiltalt ved domstolen same året. Mladic er enno på frifot.

Tvungen til å gå av

Radovan Karidzic vart tvungen til å gå av som president for den serbiske delen av Bosnia-Herzegovina i 1996, etter at dei vestlege landa trua med å innføre sanksjonar mot Republika Srpska.

Etter det fann han det mest fornuftig å gå under jorda. Den internasjonale stabiliseringsstyrken SFOR har vore på konstant jakt etter han, utan å lukkast.

No viser det seg at Karadzic dei siste åra har budd i Beograd, der han har livnært seg som naturlege.

Richard Holbrooke, tidlegare amerikansk spesialutsending til Balkan, kallar Karadzic for Balkans Osama bin Laden. Han uttrykkjer stor glede over at den tidlegare presidenten no er arrestert.

Domstolen i Haag

Krisbrotsverksdomstolen for det tidlegare Jugoslavia i Haag har teke ut to tiltalar mot Karadzic.

Først for å ha gitt grønt lys for drap på sivile under den 43 månader lange beleiringa av Sarajevo.

Seinare kom tiltalepunktet om at han er ansvarleg for drapa på rundt 8000 muslimske menn etter at general Ratko Mladic sine styrkar tok kontroll over Srebrenica, som FN hadde proklamert som ei sikker sone.

Karadzic har tidlegare sagt at dersom Krigsforbrytardomstolen i Haag var ein juridisk domstol, så ville han ikkje hatt noko problem med å møte der. Men, sa han, det er ein politisk domstol, som er oppretta berre for å gi serbarane skulda for alt.

Radovan Karadzic i to utgåver

Det er ikkje lett å sjå at dette er same mannen.

Foto: STAFF / REUTERS
Overlevande frå massakren i Srebrenica

Det som skjedde i Srebrenica er ein viktig del av tiltalen mot Radovan Karadzic.

Foto: PASCAL GUYOT / AFP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt