Hopp til innhold

Plastflaskehus hjelper både fattige og miljøet

Både i Latin-Amerika, Afrika og Asia kan du finne hus lagd av plastflasker. Denne typen hus er billige, og dei bidreg til gjenbruk av søppel.

GLOBAL-PLASTIC/

87 år gamle Maria Bersabe Ponce opplevde i 2001 at huset raste saman på grunn av eit jordskjelv. Då starta ho å samle flasker, som til slutt vart eit nytt hus.

Foto: JOSE CABEZAS / Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dette materialet kan vare i 800 år. Plastikk av typen PET vil aldri forsvinne. Det er eit veldig solid materiale, og det finst ingen andre byggemateriale på marknaden som er like godt. Så kvifor ikkje bruke materialet til å bygge hus, i staden for at det skal øydelegge planeten vår, spør Robert Bezeau.

BRAZIL BOTTLE HOUSE

Helton da Silva les på lekser inni plastikkflaskehuset til han og familien i den brasilianske byen Mage, 90 kilometer nord for Rio de Janeiro.

Foto: BRUNO DOMINGOS / REUTERS

Isolerer godt mot varme

Den tidlegare byggingsarbeidaren frå Canada har starta opp prosjektet Plastic Bottle Village i Panama. Der bygger han fleire hus, og også eit slott, av plastflasker.

Først vert det bygd eit reisverk av jern som blir fylte opp med plastflasker, deretter vert heile bygget kledd med sement på både utsida og innsida. Lufta i flaskene har ein nedkjølande effekt, og i tropiske strøk er dette ein byggemåte som fungerer godt.

– Sola varmar opp sementen på utsida, men den får ingen kontakt med sementen på innsida, fordi lufta i flaskene isolerer og hindrar varmen å nå inn, seier Bezeau til NRK.

Prosjektet til Bezeau er berre eit av fleire døme på plastflaskehus som finst rundt om i verda. Det billige byggematerialet skaper moglegheiter for folk som elles ikkje ville hatt råd til hus.

Plastflaskehus

I prosjektet til Robert Bezeau vert hus bygd av metallkonstruksjonar som vert fylte med flasker. Lufta i flaskene bidreg til å isolere godt mot varme.

Foto: Plastic Bottle Village
Nesten ferdig hus

Til slutt vert husa kledd med sement, som fører til at dei ser ut som vanlege hus. Når sola steiker vert utsida varm, mens innsida er sval.

Foto: Plastic Bottle Village

Mista huset – starta å samle flasker

87 år gamle Maria Bersabe Ponce i El Salvador er ei av dei som har bygd hus av flasker. Etter at eit jordskjelv øydela huset hennar brukte ho sju månader på å samle inn flasker, og deretter bygde ho eit hus av det. Hennar konstruksjon er langt enklare enn Bezeau sine hus, men fungerer likevel som eit hus for kvinna som eigentleg ikkje hadde råd til nytt hus.

– Om det regner så vil huset riste, men ikkje falle saman. Eg trur aldri at det vil falle ned. Det vert ikkje vått, og om det nokon gong fell ned, så vil det ikkje drepe meg, fortel Ponce til nyheitsbyrået AP på spørsmål om kor trygt huset er om eit nytt jordskjelv skulle råke El Salvador.

GLOBAL-PLASTIC/

Folk lo av Maria Bersabe Ponce å ho starta å bygge huset. Men då det stod ferdig vart det uvanlege huset ein stad folk oppsøkte. Også korkane til flaskene er i bruk ved at dei er lagde tett ned på bakken og fungerer som golv.

Foto: JOSE CABEZAS / Reuters

Også Bezeau fortel at husa han bygger er solide i møte med eit jordskjelv. Metallkonstruksjonen, som flaskene ligg inni, toler mykje, og eventuelle skader ved eit jordskjelv vil avgrense seg til at sementfasaden kan sprekke, fortel Bezeau.

Ønskjer «LEGO-flasker»

Han meiner også det er betre for miljøet å bruke plastflasker til å bygge hus enn om flaskene skal resirkulerast og bli til polyester – noko PET-plastikk veldig ofte ender opp med å bli. Dette er fordi vasking av polyester-klede fører til mykje mikroplast som til slutt hamnar ute i havet.

Bezeau meiner også at flaskeprodusentane bør starte å produsere flasker på ein måte som gjer dei enklare å bruke. Han kallar det for LEGO-blokker, og meiner dette veldig enkelt kan hjelpe folk til å bygge hus.

LEGO-flasker

Lego-flasker som dette kunne hjelpt fleire med å bygge hus, meiner Robert Bezeau i Plastic Bottle Village.

Foto: Plastic Bottle Village
Lego-flasker i bruk

Deretter kan ein bygge «LEGO-flaskene» saman ved hjelp av binde saman tutane på flaskene på denne måten.

Foto: Plastic Bottle Village

Fleire stader i Afrika er byggemetoden litt annleis. Der vert gjerne plastflasker fylte med sand, og deretter bygd saman ved hjelp av ein miks av ulikt materiale som held flaskene saman. Plastflasker fulle av sand skaper solide hus, men om det blir brukt jord eller liknande materiale mellom flaskene, så kan dette skape store vedlikehaldsbehov i periodar med mykje nedbør.

NIGERIA-DARE

19 år gamle Yahaya Musa bygger eit hus i Nigeria ved hjelp av flasker fylte med sand, tau til å støtte opp flaskene, og jord som fyll mellom flaskene.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

Og om du no skulle ønske deg eit hus av plastflasker, så er det diverre berre i tropiske strøk at slike hus fungerer godt per i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.