Hopp til innhold

Politiet avdekkar Vatikan-prests hemmelege rikmannsliv

Vatikan-presten Nunzio Scarano slo om seg med store pengesetlar og blei kalla Monsignor 500. Nå avdekkjer politiet prestens hemmelege rikmannsliv. Og Vatikanet lovar opprydding.

Peterskirken med Nunzio Scarano innfelt

Nunzio Scarano (innfelt) er det foreløpeg siste navnet i skandalane som har råka Vatikanet.

Foto: Stefano Rellandini/Francesco Pecoraro / Reuters

Vatikanbanken

Bygninga inne i Vatikanet som huser Vatikanbanken.

Foto: Domenico Stinellis / AP
Roberto Calvi

Roberto Calvi fotografera kort tid før han blei funne død i 1982.

Foto: AFP

Den lilla pengeseddelen var varemerket hans. 500 euro er nesten fire tusen norske kroner, og sjølv i Vatikanet er det ikkje vanleg at prestar slår om seg med slike setlar.

Han fekk raskt kallenamna «Don cinquecento Euro» og «Monsignor 500». I årevis kunne han operere uhindra som rekneskapssjef og knyta til Vatikanbanken.

Han blei til slutt arrestert mens han prøvde å smugle 20 millionar euro, rundt 160 millionar kroner, inn til Italia frå Sveits.

Politiet sendte ut sine eigne videoopptak da Scarano blei arrestert saman med to allierte, ein aksjemeklar og eit medlem av Italias hemmelege tenester.

Rett etter arrestasjonen gjekk både direktør og visedirektør i Vatikanbanken av. Presten er også mistenkt for å ha forsynt seg med vel 4,7 millionar kroner frå ein konto i den same banken.

Etterforskinga avdekkjer nå stadig fleire sider av prestens eventyrlege pengebruk. I ein av sine mange bustader, ei luksusleilegheit på 700 kvadratmeter i heimbyen Salerno, hadde Scarano kunstverk verdsett til rundt 48 millionar kroner.

Scarano skal ha gitt 56 venner ti tusen euro kvar og bede dei overføre pengane til sin private konto.

Dette for å unngå skatt på private donasjonar, skal han ha forklart. Pengane skulle gå til ein heim for døyande. Heimen er framleis ubygt, men kontoen til Scarano vaks.

Sjølv erklærer han seg utan skyld og seier det handla om genuine donasjonar. Politiet avviser dette som blank løgn.

Ny leiarstil

Pave Benedict XVI

Pave Benedict XVI

Foto: GIAMPIERO SPOSITO / Reuters
Pave Frans

Pave Frans

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Den nye paven har tatt namnet Frans etter Frans av Assisi og signaliserer ein ny leiarstil.

Han har langa ut mot økonomiens tyranni i verda og seier han vil forsvare dei fattige. Pave Frans nektar å bu i luksusleilegheita til sin forgjengar og tok skyss i fellesbuss etter innsettinga.

Med ein appell om å søke det gode kom pave Frans nyleg med sitt første pavebrev.

Han seier han bygger på arven etter pave Benedikt, men vil sette i gang opprydding. Han har sett ned ein granskingskommisjon som skal ta for seg Vatikanbanken.

Og denne siste bankskandalen føyar seg til eit tiår med utukt og intrigar, sexskandalar og utru tjenarar som har ramma Vatikanet og Den katolske kyrkja i ei rekke land.

Ingen pave har så langt våga å røre Vatikanbanken, men alt i 1982 blei det klart at det knytte seg både mafia og skandale til denne banken. Da blei Guds bankmann som han var kalla, Roberto Calvi, funne hengt under ei bru i London.

Det heitte først at det var sjølvmord, men ein italiensk domstol slo seinare fast at Roberto Calvi blei drepen, truleg av italiensk mafia. Han hadde handtert store summar frå Vatikanbanken og gjort tvilsame transaksjonar i Latin-Amerika.

Det var ei historie om frimurarar, mafia og kvitvasking – og med økonomisk gevinst for Vatikanet. Vatikanbanken slapp unna gransking, men ikkje unna mistanken om samrøre med mafiaen.

Korrupsjon og erotikk

Denne siste bankskandalen med Monsignor 500 kjem i bakkant av ei rekke andre skandalar. I fjor kom saka da pavens hovmeister tok med seg ei dokumentmappe med hemmelege papir ut av Vatikanet.

Paolo Gabriele

Pavens eksbutler, Paolo Gabriele, fotografera i Romas gatar 18. februar i år.

Foto: Alessandro Bianchi / Reuters

Hovmeisteren Paolo Gabriele gav papira vidare til journalisten Gianluigi Nuzzi som publiserte papira og meir til under tittelen Hans heilagdom.

Det blei ein bestseljar som avdekka rå maktkamp, korrupsjon og erotiske eventyr i Vatikanets inste sirklar. Vatikanet oppretta eit eige tribunal for å granske påstandane. Hovmeisteren sa at motivet hans var å få kyrkja og Vatikanet på rett spor igjen.

Dei siste ti åra har skandalane stått i kø for Vatikanet. Det har blitt rulla opp pedofili-saker i USA, Australia, Tyskland, Nederland og Irland.

For ofra i alle desse landa har overgrepa vore katastrofale og ofte skjedd som ei kynisk utnytting av ein maktposisjon.

I 2010 kom det fram at mannlege prostituerte, såkalla Hans heilagdoms gentlemen, har gjort teneste i Vatikanet.

Same året sprakk ei sak om pedofili i Tyskland og på skolen der bror til pave Benedikt XVI, Georg Ratzinger, leia eit kjent guttekor.

Saka var så omfattande at mange meinte det var usannsynleg at Ratzinger-brørne ikkje hadde visst om det. Rektor for skolen fekk ein dom mot seg i denne saka så tidleg som i 1958, men så blei alt dyssa ned.

For Pave Benedict var denne saka særleg tung, han var sjølv sjef for Inkvisisjonen (offisielt kalla Kongregasjonen for Truslære) og fekk kritikk for ikkje å ha etterforska dei mange skandalesakene. Mange hevdar at slitasjen med dei mange skandalane førte til hans avgang.

Men nå set pave Frans opprydding på dagsorden og i første omgang har han peika ut den tyske advokaten Ernst von Freyberg til å gå gjennom pengesakene i Vatikanet.

Og pave Frans haustar jubel frå folket når han gjer eit poeng av at sankt Peter ikkje hadde bankkonto.

SISTE NYTT

Siste nytt