NRK Meny
Normal

Ron Paul og Mitt Romney ligg an til å vinne første runde i USA

Mormonaren Mitt Romney og krigsmotstandaren Ron Paul ligg begge an til å gå av med sigeren i delstaten Iowa om fire dagar.

Mitt Romney og Ron Paul

Det skal godt gjerast å bevege seg rundt i Iowa utan å få auge på hageskilta til dei republikanske presidentkandidatane Mitt Romney og Ron Paul.

Foto: Scanpix

Paul 2012 Ron Paul

Ron Paul haustar entusiasme for sin konsekvente ikkje-inngripande utanrikspolitikk.

Foto: Charlie Riedel / Ap
US-136244038 Mitt Romney Campaigns Throughout Iowa

Mitt Romney er soleklar favoritt i New Hampshire, men gjer det dårlegare i Iowa grunna dei mange evangelisk kristne veljarane.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / Afp
USA-kjenner Alf Thomas Tønnesen

USA-ekspert Alf Thomas Tønnesen trur Obama får fire nye år, trass i dårleg oppslutning.

Foto: NRK
Ken Burton, leder for Republicans Abroad

Ken Burton er leiar for Republikanarane i Noreg, og er overraska over at Ron Paul ligg an til å vinne i Iowa.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Om fire dagar samlast veljarane i delstaten Iowa for å bestemme kven dei vil ha som republikansk presidentkandidat.

Sjølv om det framleis er lenge til det blir avgjort kven som tek opp kampen mot president Barack Obama, viser historia at det nesten alltid er vinnaren i Iowa eller i New Hampshire som blir endeleg presidentkandidat. Akkurat no ligg det an til å bli høvesvis Ron Paul og Mitt Romney.

Splitting i utanrikspolitikken

Kongressrepresentanten Ron Paul fokuserer mykje på utanrikspolitikk i talane sine.

– Eg ønskjer å forandre på utanrikspolitikken og måten me brukar pengar på militæret. Me er i alt for mange krigar, og det er på tide å bringe soldatane heim for å beskytte dette landet, sa han i eit valkampmøte i Iowa i går.

Og det er nettopp på dette området han skil seg frå resten av dei republikanske presidentkandidatane. Paul ønskjer å leggje ned alle dei militære basane USA har rundt i verda – til saman utgjer det 800 basar.

Medan dei andre presidentkandidatane køyrer ein hard krigsretorikk mot Iran, seier Paul at han ikkje ser det som ein trugsel for amerikansk sikkerheit at Iran skaffar seg atomvåpen. Dette har blitt dårleg motteke blant dei andre kandidatane.

Mitt Romney seier han vil vere ukomfortabel med ein presidentkandidat som ikkje vil handle dersom Iran får atomvåpen. Newt Gingrich går endå hardare ut mot 76-åringen, noko som kan sjåast på ein konsekvens på at han sjølv daler på målingane.

– Ron Paul går i mot det ein kvar sømmeleg amerikanar står for. Han vil bli ein verre president enn Obama. Eg vil ikkje stemme på han dersom han vinn nominasjonen, sa Gingrich på CNN for eit par dagar sidan.

Men medan Gingrich og mange av dei andre republikanarane har oppført seg som nyttårsrakettar på målingane, har Paul jamt og trutt bygd seg opp ein hær av ivrige støttespelarar i Iowa som har klare likskapar til måten Barack Obama klarte å mobilisere i 2008.

I går var nok ein positiv dag for Ron Paul, då valkampsjefen til Michele Bachmann i Iowa meldte overgang til Paul-kampanjen.

Trur Paul har liten sjanse etter Iowa

USA-ekspert Alf Thomas Tønnesen meiner Paul sin konsekvente krigsmotstand ein av årsakene til at han er såpass populær hos unge menneske.

– Mange unge er i sterkt i mot deltakinga i Irak, og han har eit poeng i at militærutgiftene har auka for mykje. Difor er det mange unge som deler synet hans på dette. Men å kutte så mykje som han ønskjer kan også svekke USAs sikkerheit.

– Har han ein sjanse utanfor Iowa?

– Nei, det trur eg ikkje. Han har ein veldig hard kjernegruppe som vert karakterisert som libertarianarar, og det skal mykje til at desse utgjer mange nok til at Paul kan slå Romney nasjonalt.

Tønnesen meiner Paul sin store styrke er at han er svært konsistent, og har hatt dei same standpunkta over lang tid.

– Paul har hatt standpunkta sine svært lenge, men dei stuereine standpunkta har blitt flytta til høgre etter at Barack Obama vann i 2008. Difor må Newt Gingrich og Mitt Romney endre synspunkta for å bli valt. Det fører til at dei står fram som «flippflopparar» (kallenamn på politikarar som endrar standpunkt), og det kan Paul bruke mot dei.

– Ingen klarar å mobilisere

Tønnesen trur at Romney eller Gingrich står som dei sterkaste kandidatane til å vinne den republikanske nominasjonen, men peiker på at heller ikkje desse klarar å slå an blant det breie lag av Republikanarane.

– Det er påfallande at Romney har vanskeleg for å kome over 30 prosent oppslutning, medan veljarane ikkje klarar å bli samde om resten. Dersom to-tre kandidatar fell frå etter primærvalet i New Hampshire vil me få eit klarare bilete. Men eit fleirtal ønskjer ikkje Romney.

Newt Gingrich slit sterkt på målingane for tida, og Tønnesen seier han er nøydd til å vinne primærvalet i South Carolina for å kunne hengje med vidare.

Republikanarane i Noreg også delt

I den norske organisasjonane til Republikanarane, Republicans Abroad, er det heller ingen semje om kven som bør overta presidentkontoret.

– Me har for det meste folk som støttar Jon Huntsman, Mitt Romney og Newt Gingrich. Det er ingen som støttar Bachmann. Eg har møtt eit par som støttar Ron Paul, men ikkje mange, seier organisasjonsleiar Kenneth Burton.

Burton er overraska over at outsideren Ron Paul ligg an til å vinne i Iowa.

– Dei unge er på jakt etter nokon med enkle løysningar på problema i landet. Og det har Ron Paul. Medan Gingrich gjerne kjem med kompliserte svar på fleire minutt, svarar Paul enkelt og rett fram.

Men heller ikkje Burton trur Paul har ein seriøs sjanse utanfor den kornfylte delstaten i Midtvesten.

– Han vil stå høgt, men han har sterke meiningar som ligg så langt vekke frå fleirtalet av det amerikanske folket, at eg har store vanskar for å sjå han som ein kandidat. Men eg kjenner folk som er ueinig med meg om dette.

Burton opplyser at grunnen til at mange republikanar har vanskeleg for å bestemme seg er fordi Romney står for nær sentrum, medan Paul ligg for langt ut på høgresida. Men Burton trur det skal mykje til for at Paul vil trekkje seg.

– Paul vil vere med i nominasjonskampen heilt til slutten.

Trur Obama blir vanskeleg å slå

Tønnesen trur til sjuande og sist at Obama vil klare å få fire nye år i Det ovale rom.

– Det kjem veldig an på valoppslutninga om favoritten Mitt Romney klarar å ta Obama. Obama er jo på mange måtar ein moderat president, og ønskjer å vidareføre politikken til moderate republikanarar som Dwight Eisenhower og Richard Nixon. Romney sitt håp er at han klarar å skildre Obama som venstreorientert.

– Førebels verkar Obama vanskeleg å slå, avsluttar Tønnesen.

Dette er dei viktigaste datoane i det amerikanske presidentvalet:

  • 3. januar, valmøte (caucus) i Iowa. Favoritt: Ron Paul.
  • 10. januar, primærval i New Hampshire. Favoritt: Mitt Romney.
  • 21. januar, primærval i South Carolina: Favoritt: Newt Gingrich.
  • 6. mars, såkalla supertysdag. Primærval i ti ulike delstatar.
  • 27. august: Landsmøtet til det Republikanske partiet. Her går den offisielle nominasjonsprosessen føre seg.
  • 6. november: Det endelege presidentvalet mot Barack Obama.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt