Hopp til innhold

Våpensalet steig for 6. året på rad

Koronapandemien la ingen dempar på salet av våpen og den globale forsvarsindustrien i fjor, viser ein årleg rapport frå Sipri-instituttet i Stockholm.

En uniformskledd mann kikker på våpen på en våpenmesse i Kairo i Egypt 30. nov. 2021

Ein soldat på ein internasjonal forsvars- og våpenmesse i Kairo i Egypt i slutten av førre månad.

Foto: Mohamed El-Shahed / AP

Dei 100 største våpenprodusentane i verda selde våpen og militærtenester til ein verdi av 4838 milliardar norske kroner i 2020, viser årsrapporten frå det svenske fredsforskingsinstituttet Sipiri.

Rapporten som vart lagt fram tidleg måndag morgon i Stockholm, viser at våpensalet auka med 1,3 prosent frå 2019 til 2020. Fjoråret var det sjette året på rad med vekst i det globale våpensalet.

USA beheld førsteplassen på lista. Landet står for 41 av dei 100 største selskapa. Det samla salet frå dei 41 selskapa utgjorde 285 milliardar dollar, 1,9 prosent meir enn i 2019.

Kina ligg på andreplass. Landet har 5 selskap på topp 100-lista, med eit estimert salstal på 687 milliardar kroner, 1,5 prosent meir enn i 2019.

Noreg er ein stor eksportør

Også Noreg er ein stor våpeneksportør. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var det ein betydeleg oppgang i det norske våpensalet i fjor.

Noreg eksporterte våpen for nesten 2,9 milliardar kroner i fjor, ein auke på over 900 millionar kroner frå 2019. Nato-landa kjøper framleis mest våpen frå Noreg, samtidig som eksporten til Indonesia auka spesielt mykje.

Talla frå SSB baserer seg på Tollvesenet sine eksportdeklarasjonar og tar for seg våpen og ammunisjon, med unntak av krigsfartøy og kampfly.

SISTE NYTT

Siste nytt