Dermed kan sjå ut som den reformvenlege Abu Mazen må gi opp forsøket på å danne ei ny palestinsk regjering. Etter at han braut forhandlingane med Arafat i dag gjorde han det klart at han ikkje har planar om nye forhandlingar med den palestinske presidenten.
Abu Mazen, eller Mahmoud Abbas som han også blir kalla, vil ikkje forhandle meir med Yasir Arafat. (Reuters-foto)
Usemje
Det er sterk usemje mellom dei to om kven som skal sitje i den nye regjeringa. Fristen Abu Mazen, eller Mahud Abbas som han også blir kalla, har for å danne ei ny regjering går ut ved midnatt i morgon onsdag. Om han ikkje klarar dette må han trekkje seg.
Dersom det skjer kan det bli vanskeleg å gjennomføre det amerikanske vegkartet for fred, som president George W. Bush har sagt han vil leggje fram når Abu Mazen, som har tillit både i USA og i EU, har lagt fram regjeringslista si.
Talsman for Det kvite hus, Ari Fleischer, gjorde det i ettermiddag klart at det er svært viktig for palestinarane no går vidare med reformprosessen. Han sa at president Bush framleis trur at det blir ei løysing som gjer at Abu Mazen blir leiar for ei ny palestinsk regjering.
Anstrengt
Det har lenge vore eit anstrengt forhold mellom Abu Mazen og Yasir Arafat. Begge to var med å danne den palestinske Fatah-rørsla for over 40 år sidan.
Mykje av usemja mellom dei to skal gå på at Mazen ynskjer å ha med Mohammed Dahlan i regjeringa som tryggingssjef, noko Yasir Arafat nektar å godta. Dahlan blir sett på som ein av dei få som er viljug til å bruke makt mot dei væpna palestinske gruppene som Hamas og Jihad heilag krig.
Dahlan var tidlegare oberst i dei palestinske tryggingsstyrkane, men sa opp stillinga som tryggingssjef i Gaza på grunn av sterk usemje med Yasir Arafat.
Arafat er redd for at statsministeren skal få for mykje makt i forhold til seg sjølv, og står hardt på at han skal ha det overordna ansvaret i ale tryggleiksspørsmål.
Washington
USA nektar å ha noko med Yasir Arafat å gjere, og har alt invitert Abu Mazen til Washington så snart har blitt innsett som statsminister. Mange meiner Arafat rett og slett er redd for at Abu Mazen skal få så mykje makt at Arafat blir redusert til ein president utan reell makt.