Hopp til innhold

Palestinsk Raude Halvmåne til NRK: Har starta evakuering av al-Quds-sjukehuset

Hjelpeorganisasjonen seier dei har starta å flytte 300 pasientar, helsepersonell og pårørande ut av det nedstengde sjukehuset. Dei skal bringast sørover på Gazastripa.

Smoke rises following an Israeli strike near the Indonesian Hospital that ran out of fuel and electricity, in the northern Gaza Strip

STENGT SIDAN SØNDAG: Eit bilete frå same dag viser røyk over sjukehuset, som blir drive av palestinsk Raud Halvmåne.

Foto: STRINGER / Reuters

– Desse 300 menneska er sjuke, skadde, helsepersonell og familiane til alle desse, seier talsperson Nebal Farsakh i Raude Halvmåne til NRK.

Situasjonen på al-Quds er «katastrofal», fortel ho vidare, og legger til at organisasjonen framleis ventar på svar om korleis det går med dei ein har klart å evakuere.

Til avisa al-Jazeera fortalde ho tidlegare tysdag kveld at sjukehuset hadde vore «omringa, utan at folk hadde høve til å gå ut og ingen ein gong kunne kome seg inn».

A satellite image shows Al-Quds hospital

Satellittbilete frå Maxar Technologies viser al-Quds-sjukehuset 7. november.

Foto: MAXAR TECHNOLOGIES / Reuters

Situasjonen på eitt av Gaza sine største og viktigaste sjukehus har tilspissa seg dei siste dagane.

Hjelpeorganisasjonen meldte måndag at dei hadde forsøkt å sende ei kolonne med køyretøy til sjukehuset for å evakuere dei som var fanga der inne, men blitt tvinga til å snu.

Dette var grunna harde kampar i den delen av Gaza by der sjukehuset er, skreiv dei då.

Det israelske forsvaret (IDF) sa måndag at dei hadde skote mot inngangen av sjukehuset fordi Hamas-soldatar var der.

Hamas har ikkje svart på denne påstanden, men Raude Halvmåne sa måndag at israelske skarpskyttarar hadde opna eld mot sjukehuset.

Ifølge dei blei ein person drepen og 19 såra i angrepet.

Les også Nei, dette beviser ikke Hamas-tunneler

Det israelske forsvaret hevder disse bildene beviser at Hamas har tunneler under et sykehus i Gaza, men Faktisk har konkludert med at bildene ikke beviser noe som helst.

– Ei kjempeutfordring

Al-Quds stengde ned all drift søndag på grunn av manglande drivstoff. Det Hamas-styrte helsedepartementet i Gaza seier det ikkje finst fleire fungerande sjukehus i nord.

Dermed må alle pasientane fraktast sør for behandling, der sjukehusa også allereie er under hardt press.

– Du kan tenke deg, sjølv i Noreg er det vanskeleg å frakte pasientar som er sjuke eller skada. Å gjere det i ei aktiv krigssone er ei kjempeutfordring, fortel utlandssjef Jørgen Haldorsen i norsk Raude Kors.

Jørgen Haldorsen (t.v) her fra en reise til Syria tidligere i år.

Jørgen Haldorsen er utlandssjef i norske Raude Kors. Her er han på reise i Syria i starten av 2023.

Foto: NTB

– Dei hadde ifølge dei 400–500 pasientar før helga, i tillegg til dei som jobba der, altså helsearbeidarane. Så dette var allereie då ein svært vanskeleg og fortvilande situasjon.

Sjukehuset har gått utan straum og slite med mangel på drivstoff og medisinsk utstyr i ei lengre periode, seier Haldorsen.

– Dei som jobbar i palestinsk Raude Halvmåne og dei sivile har stått på frontlinja sidan 7. oktober. Det ein må hugse her at dette er folk med familie.

– For mange har familien flytta sørover, og mange har mista familiemedlemmer, men dei tok det vanskelege valet å bli igjen. Det er ein umogleg situasjon å velje mellom sin eigen tryggleik og pasientane, og då valde dei det siste.

SISTE NYTT

Siste nytt