I denne saka kan du lese om:
Ifølgje Reuters blei 150 palestinarar såra i angrepet.
Det melder dei Hamas-styrte helsestyresmaktene i området.
Det israelske forsvaret (IDF) seier dei undersøkjer saka.
Natt til fredag blei også Al-Nuseirat flyktningleir sentralt på Gazastripa angripen av eit israelsk luftangrep som tok seks menneskeliv, ifølgje palestinske helsestyresmakter.
1. FN-domstol
Den internasjonale domstolen (ICJ) i Haag skal fredag avgjere om det er fare for folkemord i Gaza. Då kan Israel mellom anna få ordre om å stoppe krigshandlingane.
– Moglegheitene er mange. Spørsmålet er kor langt dei er villige til å gå. Ber dei om fullstendig våpenkvile, ber dei om pause i kampane på eit avgrensa område, eller ber dei om at humanitær naudhjelp skal få sleppe inn? spekulerer Carola Lingaas.
Ho er førsteamanuensis i rettsvitskap ved VID vitskapelege høgskole.
– Dersom dei vel ei våpenkvile, kjem Israel til å bry seg om det?
– Eg vil tru at Israel bryr seg og tek saka svært alvorleg. Dei har stilt opp med advokatar av høgt kaliber i Haag. Dei er bekymra for saka, for det gjeld trass alt Vesten. Israel treng litt godvilje frå nokre veldig innflytelsesrike statar, seier Lingaas.
Tale Hungnes, utanlandssjef for Caritas Noreg, kom fredag heim frå Jerusalem. Der har hjelpeorganisasjonen besøkt Vestbredden og deira partnarar som jobbar med humanitær bistand i Gaza.
– Beskjeden vi har fått frå absolutt alle vi har snakka med, er at situasjonen på Gaza er verre enn nokon gong. Øydeleggingar, talet på drepne og skala på destruksjon er heilt utan samanlikning, skriv ho til NRK i ein e-post.
Ho fryktar at ytterlegare eskalering vil gjere situasjonen om mogeleg endå verre.
– I tillegg til stor bekymring for den katastrofale humanitære situasjonen som utspelar seg på Gaza, er stemninga blant israelarar og palestinarar både spent og eksplosiv i forkant av dagens svgjerd i Haag, fortel ho.
– Dersom retten skulle avvise saka, er vi redde for at det vil eksplodere ytterlegare. Vi står allereie overfor ei menneskeskapt og varsla hungersnaud, skriv utanlandssjefen.
2. Matmangel
Etter Hamas-angrepet 7. oktober innførte Israel ein full blokade mot Gaza der verken mat, vatn, medisinar eller drivstoff slapp inn.
Verdas helseorganisasjon beskriv matsituasjonen nord på Gazastripa som «heilt forferdeleg». Dei fortel om svoltne og desperate menneske som treng næring.
Dersom krigen held fram og tilstrekkeleg naudhjelp ikkje kjem på plass, vil Gazastripa oppleve hungersnød i løpet av dei neste månadane. Det syner ein FN-rapport.
Hungersnød er den mest alvorlege fasen i FN sitt system for å overvake matuvisse.
Ifølgje prognosen vil truleg halvparten av Gaza sine 2.3 millionar innbyggjarar svelte innan 7. februar.
3. Mobiliserer
FNs menneskerettskontor seier fredag at kulde og regnvêr gjer Gaza «fullstendig ubebueleg».
Torsdag samla innbyggjarane sør på Gazastripa seg i Khan Younis for å demonstrere.
Mesteparten av Gaza sine 2.3 millionar innbyggjarar oppheld seg no i anten Khan Younis eller Rafah lengst sør mot grensa til Egypt.
Dei har eit klart krav til Hamas og Israel: Å få ein slutt på krigen.
Ifølgje den israelske avisa Haaretz, ropte demonstrantane til både Israels statsminister Benjamin Netanyahu og Hamas-leiar Yahya Sinwar med krav om våpenkvile.
Augevitne fortel til nyheitsbyrået DPA at fleire titals menneske tok del i protestane. Haaretz skriv at fleire hundre møtte opp.
Den siste veka har Israel intensivert angrepa mot den største byen sør på Gazastripa.
Ifølgje palestinske helsestyresmakter har minst 50 palestinarar i Khan Younis blitt drepne det siste døgnet. Til saman er 183 palestinarar drepne i israelske angrep på Gazastripa det siste døgnet.
4. Masseflukt
Sidan krigen braut ut, har fleire hundre tusen flukta sørover frå Gaza by til Khan Younis, etter ordre frå Det israelske forsvaret. Dei fordrivne oppheld seg i områda som no blir bomba.
Den siste veka har innbyggjarane atter ein gong måtte flykte frå kampane.
Israel hevdar at Khan Younis fungerer som Hamas sitt hovudkvarter fordi fleire sentrale leiarar kjem frå byen.
Over 26.000 palestinarar er drepne i israelske angrep mot Gazastripa sidan krigen braut ut 7. oktober i fjor, viser tal frå palestinske helsestyresmakter.







