NRK Meny
Normal

Palestinar drepen i israelsk angrep

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein palestinar er drepen og to er skadde etter at israelske styrkar i dag gjekk inn på Gazastripa med stridsvogner.

Det seier sjukehuskjelder til nyheitsbyrået AFP.

Tidlegare i dag køyrde sju stridsvogner inn på palestinsk område, nær landsbyen Beit Hanun. Dei hadde følgje av ein bulldosar, fortel augevitne.

Sjukehuskjelda stadfestar at det var dei israelske styrkane sine aksjonar som gjorde at ein vart drepen og to vart skadde.

Hamas-talsmann Abham Abu Selmiya seier den drepne er ein 17 år gamal gut. Han seier også at tilstanden er kritisk for ein av dei to som er skadde.

Det er usikkert kva stridsvognene og bulldosaren gjorde inne på Gazastripa, men Israel har tidlegare øydelagt bygningar og rydda landområde langs grensa.

Israel og Hamas er formelt i våpenkvile etter den 22 dagar lange krigen som Israel førte mot Gazastripa i januar 2009. Dei siste månadane har det blitt skote fleire dusin rakettar inn i det sørlege Israel, noko som har ført til flyangrep frå israelsk militære.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt