Pågripen for Stockholm-bombe

Ein mann er pågripen i Skottland for bombeangrepet i Stockholm før jul.

Video Amatørvideoer fra Stockholm-eksplosjonen

Ein mann tok sitt eige liv i Stockholm 11. desember. No er ein annan pågripen i Skottland, mistenkt for å ha medverka til aksjonen.

Politiet i Strathclyde i Skottland har i dag pågripe ein mann som dei mistenkjer for å ha medverka til sjølvmordsaksjonen i Stockholm 11. desember .

Den pågripne mannen skal vere 30 år gamal, og ikkje svensk statsborgar. Han vart arrestert tysdag morgon klokka 6 i Glasgow, den største byen i Skottland.

Ifølgje nyheitsbyrået TT er mannen heller ikkje britisk statsborgar.

Kopling til bombemann

Skotsk politi har til no klart å finne ei kopling mellom den pågripne mannen og terrorangrepet, og dei vil no fortsette å undersøke desse koplingane.

Svensk politi har lenge meint at det var stort sannsyn for at mannen som sprengde seg, hadde eit apparat rundt seg. Mellom anna fann politiet ein walkietalkie rett ved han etter aksjonen.

Mannen sende dessutan eit lydklipp til det svenske nyheitsbyrået TT, der ein kan høyre hosting , kanskje frå ein medhjelpar.

Bomber rundt kroppen

Arrestasjonen er ifølgje svensk politi eit resultat av samarbeid mellom Skottland og Sverige.

Svensk-irakaren som stod bak terroraksjonen i Stockholm, var den 28 år gamle Taimour Abdulwahab . Han sprengde seg sjølv i lufta med bomber festa rundt kroppen midt i førjulshandelen i den svenske hovudstaden.

Ingen andre enn Abdulwahab vart hardt skadde i sjølvmordsangrepet, men to personar fekk lettare skader.

SISTE NYTT

Siste nytt