Hopp til innhold

På søndag stemmer han blankt for første gong

Franske Guillaume Durandal kjem til å stemme blankt for første gong i livet sitt i det franske presidentvalet på søndag. Ekspertane trur mange andre kjem til å gjere som han.

Guillame Durandal

Guillame Durandal kjem til å stemme blankt for første gong i det komande presidentvalet.

Foto: Milana Knezevic / NRK

– Marine Le Pen representerer ein politikk og ideologi eg er i mot. Emmanuel Macron kjem berre til å vidareføre den same politikken som franskmenn har levd under dei siste 20 åra, seier franske Guillaume Durandal, som er busett i Noreg.

Durandal stemte på Jean-Luc Mélenchon i første valrunde. Men venstrekandidaten kom ikkje vidare.

Macron mot Le pen

Men sjølv om meiningsmålingane tyder på at Macron vinn, så ligg ikkje Le Pen så altfor langt bak.

– Den andre valomgangen er ein kamp om veljarane til Mélenchon, seier Øyvind Østerud, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Mélenchon sjølv har sagt at han åtvarar mot å stemme på Le Pen, men han har også sagt at han er i mot alt Macron står for. Han vil ikkje fortelje kva han sjølv vil stemme, seier Østerud.

Spøkelset av faren heng igjen

– Nasjonal Front har ei fortid som er avskrekkande, spøkelset av faren heng over partiet og Marine Le Pen har forsøkt å få bukt med det negative ho arva når ho tok over partiet, seier Østerud.

Likevel trur ikkje Øyvind Østerud at vi vil sjå eit nytt Frankrike etter valet.

– Ein fransk president må ha nasjonalforsamlinga med seg. Marine Le Pen kan ikkje melde Frankrike ut av EU utan støtte frå nasjonalforsamlinga og konstitusjonsdomstolen, seier han.

Det er avgrensa kva ho kan få til, trur ekspertar, og Macron har ikkje noko parti.

– Det han har er ei velgarrørsle i samband med presidentvalet. Så han må samle støtte i nasjonalforsamlinga og får difor også ein tung jobb. Så realiteten og forskjellen mellom dei to blir mindre enn dei fleste trur, fortel Øystein Østerud.

Kjersti Aukrust

Kjerstin Aukrust, førsteamanuensis ved UiO.

Foto: Milana Knezevic / NRK

Får ikkje sjå eit nytt Frankrike

Ifølgje Kjerstin Aukrust, førsteamanuensis i fransk litteratur og områdekunnskap, er det nok Macron som står nærmast den sitjande presidenten Hollande reint ideologisk og politisk av alle dei 11 som stilte til val. Difor blir nok den reelle endringa med Macron heller tvilsam.

– Vi kjem nok til å sjå mange nye ansikt, trur Aukrust. Utover det er det lite. Eg trur franskmenn blir skuffa.

Franske Guillaume Durandal seier han har vore skuffa over valkampen etter første runde. Ikkje berre fordi hans kandidat er ute, men fordi det er mykje personangrep som ikkje fører til noko, seier han.

– Det er ikkje lett å sitte her i Noreg. Eg skal stemme blankt. Eg står heilt i mot Le Pen, men eg stemmer også blankt fordi eg ikkje er einig med Macron.

Aukrust og Østerud trur at mange vil gjere som Durandal.

SISTE NYTT

Siste nytt