Hopp til innhold

På livet laus i Pamplona

To er kritisk skadde etter å ha blitt spidda av oksar under okseløpet i Pamplona i Spania i dag.

Video nsps_upload_2009_7_12_17_6_40_615.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå den dramatiske videoen frå okseløpet søndag morgon.

På dag seks av San Fermin-festivalen var det fleire enn nokon gong som deltok i det farefulle okseløpet. I alt 11 vart skadde under løpet i dag tidleg.

Det meste gjekk greitt heilt til ein av dei 12 oksane kom bort frå dei andre, og vart springande åleine inne i menneskemengda.

Oksen får panikk

Nokre kom i nærkontakt med oksane.

Enkelte kom i nærare kontakt med oksane enn dei hadde ynskt.

Foto: PEDRO ARMESTRE / AFP

På videoeen over kan ein tydeleg sjå at oksen får panikk, og han går til angrep på alt som røyver på seg. Vi kan sjå ein mann bli spidda av oksen, og han er truleg ein av dei to som no kjempar for livet på sjukehuset i den nordspanske byen.

Fredag omkom ein 27 år gammal mann frå Madridområdet, då han vart skadd i hjarte, lungene og halsen.

San Fermin-festivalen er ein fleire hundre år gammal tradisjon i Pamplona, til minne om byen sin skytshelgen, San Fermin. Opprinneleg var det ein fest for innbyggjarane i byen og i landdistrikta rundt.

Hemingway

Etter at Ernest Hemingway skreiv om festivalen i "Og solen går sin gang" (The Sun also Rises) på 1920-talet fekk fest- og eventyrlystne meneske frå heile verda augene opp for festen, som går kvart år frå 6.-14. juli.

Kvar morgon blir rundt 12 oksar sende ut i dei trange gatene, og for mange unge menn har det vore ei manndomsprøve å springe framfor oksane.

Ikkje alle deltakarane er like edru, sjølv om arrangørane gjer det dei kan for å halde dei som har drukke for mykje unna gatene der oksane spring.

Tyrefekting

På kvelden er dei 12 oksane med under tyrefektinga, som er ein viktig del av festivalen. Og her må dei bøte med livet, alle som ein.

Dyrevernorganisasjonar har i fleire år prøvd å stanse okseløpet, fordi dei meiner det er dyremishandling. Men dei har ikkje nådd fram.

Fleire hundre nordmenn reiser kvart år til San Fermin-festivalen, og det er dagleg fleire nordmenn med i dei farlege aktivitetane.

Desse to tek seg tid til å dele ein røyk midt i dramatikken.

Desse to tek seg tid til å dele ein røyk midt i dramatikken.

Foto: ELOY ALONSO / REUTERS

San Fermin-festivalen

LES OGSÅ: Meir dramatikk i Pamplona

LES OGSÅ: Stanget ihjel i Pamplona

LES OGSÅ: Sju skadd i okseløpene

SISTE NYTT

Siste nytt