NRK Meny
Normal

Meir dramatikk i Pamplona

Fleire måtte ha legebehandling etter eit nytt dramatisk okseløp i Pamplona i dag.

Video nsps_upload_2009_7_11_11_55_59_581.jpg

I dag var femte dag med det tradisjonsrike og livsfarlege okseløpet gjennom dei trange gatene i gamlebyen i Pamplona.

Okseløpet er det daglege høgdepunktet for mange under den tradisjonsrike San Fermin-festivalen i den nordspanske byen.

I går miste ein 29 år gammal spansk mann livet då han vart spidda av ein okse. Fleire andre vart alvorleg skadde.

Masse dramatikk

Oksen går til angrep på ein overmodig ung mann.

Oksen går til angrep på ein overmodig ung mann.

Foto: PEDRO ARMESTRE / AFP

I dag kom alle dei fleire hundre mennene som sprang saman med oksane frå det utan alvorlege skadar, men det var masse dramatikk.

San Fermin-festivalen var i fleire hundre år ein lokal festival i Pamplona som stort sett berre dei lokale innbyggjarane deltok i. Men på slutten av 1920-talet endra det seg.

Då skildra den amerikanske forfattaren Ernest Hemingway festivalen i romanen "Og solen går sin gang" (The Sun also Rises), og då vart San Fermin ein vidkjend turistattraksjon.

Mange nordmenn

Det er mykje dramatikk under okseløpet i Pamplona.

Denne mannen får oksehornet rett i låret.

Foto: JOSEBA ETXABURU / REUTERS

Det er kvart år mange nordmenn på denne festivalen. Talet på nordmenn eksploderte då Bergens-forfattaren Erling Gjelsvik i 1978 gav ut romanen "Dødt Løp", med handling frå San Fermin. Særleg vart Pamplona eit pilgrimsmål for mange som tilhøyrde ml-rørsla.

Festivalen er til ære for Pamplona sin skytshelgen San Fermin, og tyrefekting er ein viktig del av feiringa.

Oksane som blir sendt ut i gatene i dei tidlege morgontimane kvar dag under festivalen, skal på kveldstid i aksjon i tyrefektararenaen.

Fleire måtte ha medisinsk hjelp etter okseløpet.

Ein mann får medisinsk hjelp etter å ha blitt stanga av ein okse.

Foto: PEDRO ARMESTRE / AFP

San Fermin-festivalen

LES OGSÅ: Stanget ihjel i Pamplona

LES OGSÅ: Sju skadd i okseløpene

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt