Hopp til innhold

Overlevde 41 dagar innesperra under jorda

Fem arbeidarar i ei gullgruve i Tanzania er redda etter å ha vore innesperra hundre meter under jorda i over ein månad, der dei måtte ete kakerlakkar og froskar for å overleve.

Gullutvinning i Tanzania

STOR GULLPRODUSENT: Tanzania er den fjerde største gullprodusenten i Afrika. Dette er frå eit anna gruveområde i regionen.

Foto: Anna Petts

– Dette er ganske utruleg, seier Charles Kitwanga, tidlegare energi- og gruveminister, til den nasjonale avisa Daily News og sa han ville vente på rapportane for å vere heilt sikker på at det verkeleg er dei same gruvearbeidarane som har vore sakna sidan gruva kollapsa 5. oktober.

Dei var 20 arbeidarar i gruva som ligg i Shinyanga-regionen nord i landet då den kollapsa, men 14 klarte å kome seg unna. Av dei seks som vart innesperra skal ein av dei ha døydd for eit par veker sidan.

Det vart sett i gang ein leiteaksjon etter gruva kollapsa, men ein gav opp leiteaksjonen etter ei veke, og antok at resten var døde. Etter kvart skal dei ha høyrt lydar, og gjenoppteke leitearbeidet. Søndag vart dei fem funne, til dei lokale myndigheitene sin store overrasking.

– Gruvearbeidarane var veldig svake, seier Badra Masoud, talsperson for energi- og gruvedepartementet til nyhendebyrået AFP.

Dei skal no vere i ein kritisk tilstand på det lokale sjukehuset, og er tydeleg prega av å ha vore innesperra i mørket så langt under bakken, med berre insekt og skittent vatn å overleve på. I starten hadde dei lys frå hovudlyktene og mobiltelefonane, men etter at desse vart tomme for batteri, måtte dei klare seg i stummande mørke.

Dette er ikkje første gong det skjer ulykker i området, der uregulert arbeid og også barnearbeid er utbreidd.

SISTE NYTT

Siste nytt