Hopp til innhold

Over 110.000 soldatar på medisinar

Meir enn 110.000 amerikanske soldatar i aktiv teneste går no på antidepressiv eller andre psykoaktive medisinar. Mange ser ein klar samanheng mellom medisinbruken og valdeleg åtferd hos soldatane.

Amerikanske soldater i Irak

Ein gruppe amerikanske soldatar står i givakt under ein seremoni i Irak. Aldri før har så mange soldatar gått på psykoaktive medisinar.

Foto: Mario Tama / Ap

Dei to årelange krigane i Afghanistan og Irak har begynt å setje tydelege spor blant dei amerikanske soldatane. I 2011 var heile 110.000 aktive soldatar brukarar av antidepressivar, sedativar, stressnedsetjande middel og andre psykoaktive medisinar. Dette kjem fram i ein rapport avdekt av Los Angeles Times.

I rapporten kjem det fram at nesten 8 prosent av alle aktive soldatar i det amerikanske forsvaret går på roande medisinar, medan meir enn 6 prosent går på antidepressivar. Dette er ein åttedobling sidan 2005.

Historisk omfang

– Me har aldri medisinert soldatane våre i det omfanget som me gjer no. Og eg trur ikkje at auken i sjølvmord og drap i militæret er tilfeldig, seier Bart Billings som er ein tidlegare militær psykolog.

Den store utfordringa med bruken av psykoaktive medisinar i det amerikanske militæret er at det tek svært lang tid mellom kvar gong soldatane får tilbod om oppfølging hos psykolog.

Det er vanleg at soldatane blir sendt ut på eit oppdrag med medisinar som skal rekkje til 180 dagar. Det gjer at det blir lett for soldatar å byte med kameratar og ta ein overdriven mengde med piller etter ein stressande dag.

– Den store forskjellen frå medisinbruk i det sivile samfunnet er at dette er folk som har tilgang til lada våpen og har ansvar for å beskytte folk som er i fare, seier Grace Jackson, som slutta som psykiater i den amerikanske marinen i 2002 fordi ho allereie då var bekymra for at dei delte ut for mange piller.

Skuld i mykje kriminalitet

Militære domstolar i USA ser no ein klar aukning i saker der kriminalitet blant soldatane har samanheng med bruk av antidepressive medisinar.

Dommarar skuldar no på at det amerikanske militæret brukar alt for mykje lukkepiller og andre psykoaktive medisinar. Dei meiner dette er skuld i avvikande åtferd og relaterte helseproblem hos soldatane.

Robert Bales, soldat mistenkt for Afghanistan-massakren

Robert Bales som er sikta for Afghanistan-massakren var truleg under posttraumatisk stress.

Foto: Spc. Ryan Hallock / Ap

Advokatane til Robert Bales, som er sikta for å ta livet av 17 sivile afghanarar i mars, er no i ferd med å skaffe ein liste over talet på alle medisinar som 38-åringen har brukt.

– Me veit ikkje enno om han var på medisinar, så det er difor forsvararen har spurt etter lista, seier ein psykiater som konsulterer forsvararane.

Det er førebels for tidleg å seie som fekk Bales til å gjere dei grufulle handlingane, men advokaten seier det er svært sannsynleg at han var under posttraumatisk stress.

Auke også i sjølvmord

Det er ikkje berre medisinbruken som aukar i det amerikanske militæret. Talet på sjølvmord blant soldatar har gått opp med 80 prosent sidan 2004, der hovudårsaka er rekna å vere krigane i Irak og Afghanistan.

I perioden 2001 til 2010 har nær 3000 amerikanske soldatar teke sitt eige liv. Det er nær halvparten av talet på soldatar drepne i strid i same perioden, ifølgje ABC.

SISTE NYTT

Siste nytt