Hopp til innhold

Rekordlåg krigsoppslutning i USA

Meir enn to tredjedelar av den amerikanske befolkninga er no i mot krigen i Afghanistan, ifølgje ei ny meiningsmåling.

AFGHANISTAN

Amerikanarane har aldri vore så trøytte av Afghanistan-krigen. Det gjeld både på høgre- og venstresida.

Foto: ERIK DE CASTRO / Reuters

Aldri før har så få amerikanarar støtta krigen i Afghanistan.

Ein meiningsmåling gjort av New York Times viser at heile 69 prosent av befolkninga no vil ha soldatane heim. Berre for fire månader sidan var det same talet 53 prosent.

Det er, kanskje overraskande for mange, utbredt krigsmotstand både hos demokratane og republikanarane. 60 prosent av republikanarane meiner utviklinga i Afghanistan er negativ, medan 68 prosent av demokratane meiner det same.

Mange negative hendingar

Det er naturleg å sjå dei nye tala i lys av mange negative episodar dei siste månadene, som involverer amerikanske soldatar i Afghanistan. Det starta i januar då ein video av amerikanske soldatar medan dei urinerte på døde Talibanan-opprørarar spreidde seg.

Den episoden som kanskje har sett djupast spor var då ein amerikansk soldat drap 16 sivile afghanarar for få veker sidan. I tillegg har det blitt storm etter at amerikanske soldatar har brent koranar i landet.

Mange av dei spurte svarte i oppfølgingsspørsmål at dei var krigstrøtte etter meir enn eit tiår med krig i Afghanistan.

For treig tilbaketrekning

Republikanske Melisa Clemmons (52) svarar at ho meiner Obama sin plan om uttrekning går altfor treigt. Obama har lovt at alle amerikanske styrker skal trekkje seg ut av landet i løpet av 2014.

– Eg meiner me skal få farta opp med tanke på å få styrkane våre heim. Når me har vore der i så mange år, kva forskjell vil to år til gjere?

Peter Feaver ved Duke University har lenge forska på folkeopinionen om krig. Han meiner årsaka til den rekordhøge krigsmotstanden har samanheng med at Obama pratar lite om krigane i høve til sin forgjengar.

– Han har ikkje jakta etter mykje politisk kapital i forsvarsspørsmål. Han pratar ikkje om å vinne i Afghanistan i 2014, men han pratar om å trekkje seg ut. Det beskyttar han mot angrep frå venstresida, men det skapar mindre oppslutning om dagens linje, seier Feaver til New York Times.

SISTE NYTT

Siste nytt