Forhandlingsleiar for regjeringa på Sri Lanka, G.L. Peiris, seier i kveld at det er eit gjennombrot at partane no diskuterer konkrete politiske saker, men han åtvara mot å tru på svært raske resultat.

Forhandlingane held fram i Oslo. Frå venstre Mr. Tamilselran, sekretær for delegasjonen Adele Balasingham, sjefsforhandler Anton Balasingham, Col. Karuna, ambassadør Jon Westberg og statsekretær Vidar Helgesen. (Foto: Heiko Junge/Scanpix)
- Vi har ein lang veg å gå, det er ikkje gjort på to eller tre månader, sa G.L. Peiris etter at møta i dag var avslutta. Han la likevel til at dei faktisk snakkar om moglege modellar for eit Sri Lanka etter at borgarkrigen er over.
Forhandlingsleiaren for LTTE, Dei tamilske tigrane, Anton Balasingham, seier at dei blant anna diskuterer integrasjonen av politistyrken til LTTE med den regulære srilankiske politistyrken.
- Det er for tidleg å seie korleis dette vil bli gjennomført, men vi arbeider konkret med dette, sa Balasingham i kveld. Han sa at den tredje runden med fredsforhandlingar, som starta i Oslo i går, har vore framgangsrike, og uttrykte håp om at samtalane vil føre til ei endeleg fredsløysing.
Noreg spelar i nøkkelrolle i forhandlingane mellom LTTE-geriljaen og regjeringa på Sri Lanka. Spesialrådgjevar Erik Solheim leier den norske delegasjonen under forhandlingane.
I går vart partane samde om eit samarbeid om restaurering av historisk arkeologiske stader i område der det har vore krigshandlingar. Som eit konkret døme på dette er avtalen om å restaurere eit buddisttempel i Mannar i den nordvestlege delen av landet.