Minst 41 menneske har mist livet og nesten 1300 er sjuke etter å ha blitt smitta av eit nytt coronavirus, som først vart oppdaga i den kinesiske byen Wuhan.
Kinesiske styresmakter har bestemt at det skal setjes opp eit nytt stort sjukehus i byen, med plass til 1300 sengeplassar. Det skal vere ferdigstilt om 15 dagar.
Byggearbeidera har allereie starta arbeidet på eit anna nytt sjukehus i Wuhan, som skal vere klart om berre seks dagar.
Bygget blir på over 25.000 kvadratmeter og skal ha ein kapasitet på 1000 pasientsenger. Dei eksisterande sjukehusa i Wuhan har ikkje kapasitet til å behandla dei mange smittetilfella. Byen har rundt 11 millionar innbyggjarar.
- Les også:
- Hør podkasten Oppdatert om utbrotet av det nye coronaviruset:
Prefabrikkert
Det nye sjukehuset skal byggjast opp med prefabrikkerte strukturar, og det blir ifølgje det kinesiske nyheitsbyrået Xinhua reist etter modell frå eit sjukehus som vart bygd i Beijing i 2003 i samband med store utbrotet av Sars-viruset.
Helsestyresmaktene i Kina har innført reiserestriksjonar i 18 byar for å hindre spreiing av det nye coronaviruset, som truleg stammar frå eit enkelt dyr på ein utandørs marknadsplass i Wuhan.
56 millionar menneske ramma
Rundt 56 millionar menneske er påverka av restriksjonane som er innførte i Kina, og det skaper problem for mange, ikkje minst fordi det er feiring av det kinesiske nyttåret denne helga. Normalt er svært mange på reise i samband med nyttårsfeiringa.
Store delar av den Kinesiske muren blir stengt for publikum for å hindre at viruset skal spreie seg ytterlegare.
Noreg er hittil ikkje ramma av viruset, men tidlegare i dag vart det kjent at to kinesarar som vart innlagde på sjukehus med smitte i Finland, kom frå Noreg. Dei kan ha reist med buss frå Kirkenes til Ivalo i Finland.
Fredag kveld stadfesta finske legar at de to ikkje er smitta av viruset.
– Liten fare her i landet
Norske helsestyresmakter seier det
her i landet. Avinor seier at dei følgjer situasjonen og er i løpande kontakt med helsestyresmaktene. Det er ikkje sett i verk spesielle tiltak.Det er påvist smitte også i fleire andre land, blant anna Thailand og USA. Fleire land har innført restriksjonar på flygingar frå Kina som følgje av epidemien.
Verdas helseorganisasjon WHO har førebels ikkje erklært ei global helsekrise som følgje av utbrotet.