Slik har vi takla tidlegare utbrot av virusepidemiar

WHO vurderer om vi er i ein global nødssituasjon, etter at eit nytt coronavirus har spreidd seg til fleire land. Historia har vist at det kan få store konsekvensar når virus spreier seg raskt over verda.

En kvinne justerer ansiktsmasken til et barn på en jernbanestasjon i Wuhan i Kina.

I Kina fryktar folk at talet på smitta og døde etter utbrotet av eit nytt coronavirus skal stige. Her er det eit barn på ein jernbanestasjon som får hjelp til å justere ansiktsmaska.

Foto: Chinatopix via AP / NTB Scanpix

Spanskesjuka, gul feber og kolera er blant epidemiane som har teke tusenvis av menneskeliv gjennom historia. Men også i nyare tid har rask spreiing av sjukdommar ført med seg alvorlege helseplager.

Før jul blei det oppdaga eit nytt coronavirus i den kinesiske byen Wuham. Viruset er også påvist i Sør-Korea, Japan, Taiwan og no sist i USA. Ifølge Reuters er rundt 600 personar smitta i Kina, 18 personar er stadfesta døde.

Verdas helseorganisasjon (WHO) vurderer å seie at viruset er ein global nødssituasjon. Tidlegare har WHO erklært ebolaepidemien som kosta 11.000 menneskeliv mellom 2013 og 2015, og sars-viruset i 2003 som internasjonale nødssituasjonar som set folkehelsa i fare.

Sjekker passasjerer

Helsepersonell sjekkar reisande for feber på fleire flyplassar og jernbanestasjonar i Kina. Frykta for at coronaviruset skal spreie seg er stor.

Foto: HANDOUT / AFP

Det nye coronaviruset blir spreidd mellom menneske og gir symptom som feber og pustevanskar. Det finst ingen legemiddel eller vaksine mot viruset enno.

Men trass i auka reiseaktivitet, også mellom Noreg og Asia, meiner ekspertar det foreløpig ikkje er grunn til panikk her til lands. Men Folkehelseinstituttet seier til NRK at dei følger situasjonen tett.

– Per no veit vi lite om viruset. Vi veit ikkje i kor stor grad det smittar mellom menneske. Skjer det hurtig og effektivt, kan vi få mange sjuke. Då må vi anta at viruset også kjem til Noreg, seier virolog Karoline Bagstad.

Vanleg virus

Det finst mange typar coronavirus, og er ifølge Store medisinske leksikon ein vanleg årsak til at vi blir forkjølt. Viruset smittar via dropesmitte.

Men visse typar coronavirus kan gi opphav til meir alvorleg sjukdom. Sars-viruset i 2003 var eit eksempel på det, der dei smitta fekk akutt luftvegsinfeksjon. Det blei rapportert om over 8000 sannsynlege tilfelle med 774 dødsfall i 26 land.

Det finst inga behandling mot viruset. Det blei forsøkt fleire tiltak under epidemien i 2003, men det er uvisst om det hadde nokon effekt.

SARS coronavirus

Coronaviruset har fått namnet sitt etter korleis viruset ser ut i eit mikroskop. Viruset har små piggar som kan minne om det ytste laget av atmosfæren til Sola, korona. Coronaviruset på bildet er eit sarsvirus frå 2012.

Foto: Reuters

Også mers-viruset er eit coronavirus som kan gi alvorlege helseplager. Viruset blei oppdaga i Midtausten i 2012, og er svært smittsamt. Det er inga behandling eller vaksine mot sjukdommen. Behandlinga er berre for å lindre symptoma.

Dei ferskaste tala frå WHO viser at viruset så langt er påvist hos nesten 2.500 personar i 27 land. 858 menneske er døde av viruset.

Ebola

I 2013 braut det ut ebola sør i Guinea. Dei neste åra spreidde viruset seg vidare til blant anna Liberia og Sierra Leone, og førte til at over 11.000 menneske miste livet i epidemien.

WHO erklærte utbrotet som ei internasjonal folkehelsekrise.

Viruset smittar mellom menneske via kontakt med blod og andre kroppsvesker, men ikkje gjennom lufta. Det har vore rapportert om tilfelle av ebola også etter den store epidemien, men ikkje i same omfang som mellom 2013 og 2015.

Helsearbeidere tar med seg et av dødsofrene for ebolaviruset.

I ebolaepidemien som ramma Afrika mellom 2013 og 2015 mista over 11.000 menneske livet. I etterkant av epidemien har det blitt prøvd ut vaksinar og medisinar som har gjeve lovande resultat i kampen mot virussjukdommen.

Foto: STRINGER / Reuters

Folkehelseinstituttet og WHO har samarbeidd med Leger utan grenser og helsestyresmaktene i Guinea om vaksinar og medisinar mot ebola. Resultata, spesielt frå vaksinane, har vist lovande resultat, og WHO kunngjorde i 2019 at dei kunne stå framfor eit gjennombrot i kampen mot virussjukdommen.

Svineinfluensa

Virussjukdommen svineinfluensa var opphavleg ein sjukdom som smitta mellom svin, og frå svin til menneske. Men etter eit utbrot i Mexico og USA i 2009, byrja sjukdommen å spreie seg også mellom menneske.

WHO klassifiserte utbrotet som ein pandemi fordi det vaks så raskt. I Noreg blei det sett i gang ei storstilt massevaksinering. Folkehelseinstituttet anslår at om lag 45 prosent av befolkninga blei vaksinert i den største vaksinasjonskampanjen i Noregshistoria.

Folk står i kø for å få vaksine mot svineinfluensa

Folk stod i kø for å få seg vaksine mot svineinfluensa i 2009. Vaksinasjonen er den største massevaksinasjonen i norsk historie.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Dei fleste pasientane som fekk svineinfluensa blei friske av seg sjølve. Men det var også tilfelle av dødsfall, blant anna ved at sjukdommen forverra sjukdom den smitta hadde frå før. I Noreg meiner ein 32 menneske døydde i tilknyting til pandemien, skriv Store medisinske leksikon.

SISTE NYTT

Siste nytt