Dette er det første møtet mellom dei to sidan Olmert vart statsministern i Israel i januar i år. Møtet i den historiske byen Petra i Jordan er av ein uformell karakter, opplyser jordanske tenestemenn.
Nytt møte
- Eg vil gjere alt eg kan for å få til fred, og eg satsar på nytt eit nytt møte med Mahmoud Abbas snart, sa Ehud Olmert etter møtet mellom dei to i dag.
Samstundes sa Olmert at han er viljug til å inngå smertelege kompromiss for å oppnå fred, men at Israel har tre ufråvikelege krav til palestinarane før det blir snakk om meiningsfulle forhandlingar.
- Vi krev at alle terroristgrupper skal avvæpnast. Alle tidlegare inngåtte avtalar skal oppfyllast og vi krev ei formell godkjenning av Israel, sa Olmert blant anna.
- Denne regjeringa vil kjempe mot terroristar, ikkje forhandle med dei, la han til.
Han snakka likevel positivt om Mahmoud Abbas, og kalla han ein unik person.
Shimon Peres og Mahomud Abbas helsar før møtet i dag. (Foto: Reuters/Scanpix)
Dei to leiarane deltek på ein konferanse der 25 Nobelprisvinnarar, blant dei Elie Wiesel, deltek. Også Jordans kong Abdullah og Israels visestatsminister Shimon Peres er med på konferansen. I tillegg deltek ei rekkje kjendisar, blant andre skodespelaren Uma Thurman.
Uformelt
Møtet i dag var ikkje formelle fredssamtalar mellom Olmert og Abbas, men ein felles frukost der også den jordanske kongen var med.
Eit formelt møte mellom dei to kjem truleg i stand i løpet av dei neste to vekene, men det er ikkje fastsett kvar det skal skje, seier talsmannen for den palestinske presidenten, Abu Rudeina.
Jordans kong Abdullah har bede Nobelprisvinnarane og dei andre dignitærane på konferansen om å arbeide for at ein sjølvstendig palestinsk stat skal bli etablert.
Frå møtet i Petra i dag, Frå venstre Shimon Peres, Saeb Erekat, Jordans statsminister Marouf Al Bakhit og Dalai Lama. (Foto: AP/Scanpix)