Sist måndag deltok ateisten Fidel Castro i ei minnehøgtid for den avlidne paven i katedralen i Cubas hovudstad Havana. I talen sin kalla Castro paven for ein uforgløymeleg ven og ein utrøytteleg kjempar for dei fattige i verda.
Fidel Cacstro overraska verda då han proklamerte tre dagars landesorg for paven.
Dei to gamle mennene utvikla ein motviljug respekt for kvarandre dei siste åra, noko som starta med Johannes Paul II sitt historiske besøk på Cuba i 1998.
I ein direktesend fjernsynstale i går kveld tona Castro ned paven si rolle under kommunismen sitt fall i Europa. Han meinte at årsaka til det var strategiske feil gjorde av dei kommunistiske leiarane.
- Det er sant at paven var kritisk til sosialismen, men då Sovjetunionen kollapsa vart han stadig meir kritisk til kapitalismen, sa han blant anna.
Fidel Castro framheva paven sin sterke motstand mot Irak-krigen, og mot den imperalistiske orden og forbrukarsamfunnet
Og Castro hadde ikkje vore Castro om han ikkje i same talen tok eit lite oppgjer med USAs president George W. Bush. Han kritiserte Bush for at han deltek i gravferda i Vatikanet, og kalla den amerikanske presidenten for ein hyklar.