Hopp til innhold

I denne byen er våpen obligatorisk

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Bystyret i den vesle amerikanske byen Nelson i Georgia har vedteke at det skal vere obligatorisk for innbyggjarane å eige våpen.

For dei 1300 innbyggjarane i Nelson nord i delstaten Georgia i USA blir det no obligatorisk å eige både pistol og ammunisjon.

Måndag kveld vedtok bystyret i Nelson at kvar hushaldning må ha eit våpen for å «sørgje for beredskap i byen», og bidra til å «beskytte tryggleiken og velferden», skriv Huffingtong Post.

Men det betyr ikkje at alle som ikkje har pistolar er nøydde til å ta ein tur på butikken for å skaffe våpen.

Unntak for dømte lovbrytarar

Vedtaket gjer unntak for dømte lovbrytarar og dei som har fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, samt alle som er i mot å eige våpen.

Det er med andre ord påbode å ha våpen, men ikkje straffbart å ikkje ha det.

USAs president Barack Obama har vore ein aktiv pådrivar for meir restriktive våpenlovgjevingar etter skulemassakren i Newtown, Connecticut i desember, der 20 born og seks lærarar omkom.

Vedtaket om obligatoriske våpen i kvar husstand i Nelson viser tydeleg kor variert responsen på Newtown-massakren er i ulike delar av landet.

Saka held fram under biletet

newtown

MASSAKRE: Adam Lanza skaut og drepte 20 born og seks lærarar på ein barneskule i Newtown. Etterpå skaut våpensalet til værs i USA.

Foto: AP

Medan lovgjevarar i generelt meir liberale og urbane statar som New York og California har gått inn for å stramme inn våpenlovgjevinga, har meir konservative, rurale område i USA gått i motsett retning.

Vil væpne lærarar

Denne motsette retninga har vist seg i fleire lovforslag, som til dømes eit lovforslag i Oklahoma som ville tillate lærarar å vere væpna på jobb.

Eller i Spring City, Utah, som har vedteke å oppmode innbyggjarar til å eige våpen, eit formildande vedtak frå utgangspunktet som tok sikte på å gjere det til eit krav.

Innbyggjarar i byane Byron og Sabbatus i delstaten Maine, forkasta eit liknande forslag førre månad, også her fordi dei heller vil ha ei anbefaling og ikkje eit krav.

Lokale styresmakter i 24 statar har vurdert å gjere det enklare for tilsette i skuleverket eller frivillige å bere våpen på skuleområde. Dette vedtok Sør-Dakota førre månad.

Skal skremme byen tryggare

Rådmannen i Nelson, Duane Cronic, er ein pådrivar bak vedtaket, og seier det ikkje er meint å bli handheva, men heller fungere avskrekkande for å gjere byen tryggare.

Saka held fram

Kunder ser på våpen i en butikk i Fort Worth, Texas

VÅPEN-KØ: Kundar ser på våpen i ein butikk i Fort Worth, Texas. Enkelte statar reagerer på massakrene med å væpne innbyggjarane sine meir enn før.

Foto: LM Otero / AP

Rådmann Duane Cronic som stod bak vedtaket, sa han veit at det ikkje kjem til å bli handheva, men at det vil gjere byen tryggare.

– Det er det same som at folk set ut alarmskilt utanfor inngangsdørene sine. Nokre har husalarmar, medan andre ikkje har det sjølv om dei har skilt som seier det, seier han.

– Eg føler verkeleg at dette vedtaket kan fungere som eit slikt skilt for byen vår. I utgangspunktet skal det verke avskrekkande mot potensielle kriminelle, seier han til avisa.

Lite kriminalitet i utgangspunktet

Ifølgje bystyret er ei anna hensikt med vedtaket ein protest mot eventuelle framtidige forsøk frå den føderale regjeringa på å konfiskere personlege skytevåpen.

Saka held fram

Demonstrasjon for strengare våpenlov i Newtown, Connecticut

DEMONSTRASJON: Tre månader etter skulemassakren i Newtown, Connecticut, demonstrerer folk for strengare våpenlovgjeving. Samtidig vedtek fleire lokale styresmakter å væpne folk enda meir.

Foto: MICHELLE MCLOUGHLIN / Reuters

Nelson er ein liten, kupert by med smale, kronglete vegar og få innbyggjarar. Det er ein stad der folk flest kjenner kvarandre og let dørene stå ulåst, og statistikkmessig med godt samvit.

Siste drapet i Nelson, Georgia skjedde for fem år sidan, og politisjef Heath Mitchell seier det generelt er lite kriminalitet i den vesle byen.

Han understrekar at byen ikkje har politifolk som jobbar døgnet rundt, og at det er lang responstid på naudanrop, og meiner ein pistol per husstand vil hjelpe innbyggjarane å beskytte seg sjølv. Samtidig erkjenner han at kriminaliteten er svært lav.

Overraska over mediemerksemd

Småbyen har tiltrekt seg stor merksemd etter at bystyret starta å diskutere forslaget førre månad, noko rådmann Jackie Jarret ikkje skjønar.

– Det overraskar meg at vi har fått så mykje mediemerksemd, særleg sidan dette ikkje påverkar verda. Det er jo berre ei småbysak seier han til Huffington Post, og legg til:

– Dei fleste her har jo uansett våpen frå før.

SISTE NYTT

Siste nytt