Hopp til innhold

Obama lovar ny innsats for strengare våpenkontroll

USAs president Barack Obama tok i ein tale i kveld norsk tid opp att kor viktig det er å få til tverrpolitisk semje om lover som kan regulere våpenhandelen.

Direkte fra Det hvite hus

Direkte: Obama om våpenkontroll

Barack Obama snakka om våpenkontroll i Minneapolis i Minnesota. Og staden var ikkje tilfeldig valt. Presidenten rosa borgarmeistrane i tvillingbyane Minneapolis og St. Paul for lovene dei har innført på dette feltet, og som har fått talet på unge menneske som blir skadde av våpen til å gå ned med 40 prosent.

Det var den kvinnelege politisjefen i Minneapolis som introduserte presidenten, og salen var full av politifolk, både politisjefar og frå dei som arbeider på gata. Obama roste dei for arbeidet dei utfører i byen.

Vil innføre bakgrunnssjekk

Obama sa blant anna at det hastar å lovfeste at ingen skal få kjøpe våpen, utan først å ha gått gjennom ein bakgrunnssjekk som kan vise om dei verkeleg kan eige våpen. Han la til at det no ser ut til at det skal vere mogleg å få til tverrpolitisk semje om dette i Kongressen.

– Vi kan ikkje berge alle liva, vi kan ikkje hindre alle massakrane, men vi kan gjere litt. For kvart liv som blir spart er viktig, sa Obama blant anna.

Obama sa at det å hindre at folk som ikkje burde ha våpen i å få tak i våpen, ville gjere livet enklare også for dei mange politifolka som arbeider for å gjere kvardagen tryggare for millionar av amerikanarar.

Militærliknande automatvåpen

Obama såg det også som viktig at militærliknande automatvåpen må vekk frå gatene, og han hadde god tru på at det skal vere mogleg å få til tverrpolitisk semje om eit forbod slike våpen.

Presidenten sa også at det også må setjast inn andre tiltak enn dei som rettar seg spesielt mot våpenhandelen. Han lovde blant anna at det skal bli enklare for ungdomar som slit med liva sine å få psykiatrisk hjelp.

Obama trekte også fram kor viktig det er å samarbeide med lokale styresmakter og menneske som sjølve har mist nære slektningar i skyteepisodar, når dei nye lovene skal utformast.

SISTE NYTT

Siste nytt