Hopp til innhold

Obama tok til orde mot krigssvoltne motstandarar

President i USA Barack Obama meiner dei republikanske motstandarane hans snakkar for mykje om å gå til krig.

USAs president Barack Obama

USAs president Barack Obama går hardt ut mot republikanarane sin hissige krigsretorikk.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

President Obama heldt tysdag den første offisielle pressekonferansen på fem månader, same dag som republikanarane gjekk til valurnene i ti delstatar.

Skulda for å stele rampelyset

Den såkalla supertysdagen er ei avgjerande hending i nominasjonskampen til republikanarane.

LES: De største valgkamptabbene i USA

Supertysdag er ein av dei viktigaste dagane i USA sin politiske kalender. Denne dagen skal ti delstatar gå til val for sin republikanske presidenetkandidat.

Men at Barack Obama la si pressekonferanse til akkurat denne dagen skal vere eit reint hendeleg samantreff, ifølgje presidenten sine medarbeidarar i Det kvite hus.

LES: Derfor velger USA på en tirsdag

LES: – Romney gir aldri tips

Romney og Santorum

Ifølgje Obama er dei republikanske presidentkandidatane Mitt Romney og Rick Santorum krigssvoltne retorikarar.

Foto: JOSHUA LOTT / Reuters

Dei avviser alle skuldingar om at presidenten sin pressekonferanse eigentleg var eit forsøk på å stele rampelyset frå dei republikanske kamphanane.

Republikansk krigsretorikk

Obama lot derimot ikkje sjansen gå frå seg til å markere avstand til sine rivalar.

Ifølgje han opptrer fleire av dei som krigshissarar.

– Når eg ser at desse menneska snakkar om krig med ei slik sjølvfølgje, blir eg mint på kostnadene ved krig, sa Obama under pressekonferansen.

– Eg blir mint på avgjerdene eg må ta når eg sender våre unge menn og kvinner ut i strid, og om følgjene dette har for liva deira, for vår nasjonale tryggleik og for økonomien vår, heldt han fram.

LES: Fremstiller Romney som Rambo

LES: Likt mellom Romney og Santorum

Ifølgje han framstår republikanarane sine krigstruslar berre som retorikk.

– Dersom dei meiner det er på tide å starte ein krig, bør dei seie det rett ut og forklare for det amerikanske folk kvifor dei vil gjere det og kva slags konsekvensar det vil få.

Resten er berre tomsnakk, heldt Obama fram.

LES: Presidentvalg i USA 2012

SISTE NYTT

Siste nytt