Nytt israelsk angrep mot Gaza

11 palestinarar vart såra i eit israelsk angrep mot ein nedlagd flyplass og smuglartunnelar på Gazastripa i kveld, opplyser helsepersonell.

Tilstanden er alvorleg for to av dei. Det vart avfyrt minst sju rakettar mot flyplassen, smuglartunnelar og ein mekanisk verkstad ikkje langt frå Rafah, nær grensa til Egypt.

Fire rakettar slo ned i området ved flyplassen,

Dette er andre kvelden på rad at Israel går til angrep mot mål på Gazastripa, etter at militante palestinarar i går skaut rakettar inn i Israel. Ein thailandsk landarbeidar vart drepen i eit angrep i går føremiddag.

Den israelske hæren seier at angrepa er eit svar på at det er skote fem rakettar frå Gazastripa inn i Israel dei siste to dagane.

LES OGSÅ: Nytt rakettangrep frå Gaza

LES OGSÅ: Ny rakett fra Gaza mot Israel

LES OGSÅ: – Ber Israel stoppe all bosetningsvirksomhet

LES OGSÅ: USAs utenriksminister truer Israel

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt