NRK Meny
Normal

Nytt rakettangrep frå Gaza

Ein ny rakett vart skoten inn i Israel frå Gazastripa i kveld, utan å gjere skade. Tidlegare i dag vart ein landarbeidar drepen i eit anna angrep.

Thailandsk landarbeidar drepen av palestinsk rakett.

Israelske ekspertar på eksplosivar ved raketten som tok livet av ein landarbeidar i Israel torsdag.

Foto: Amir Cohen / Scanpix/Reuters

Seint i kveld har israelske fly bomba mål på Gazastripa. Det er uklart kva mål som vart bomba, og det er ikkje meldt om såra.

Israel har varsla at landet vil slå hardt tilbake etter angrepet der ein thailandsk landarbeidar vart drepen, og kallar rakettangrepa frå Gazastripa for ei kraftig opptrapping av konflikten.

Raketten i føremiddag ramma inne på området til ein kibbutz ikkje langt frå grensebyen Sederot, og eit menneske måtte altså bøte med livet.

LES OGSÅ: Ny rakett fra Gaza mot Israel

LES OGSÅ: - Midtausten-fred umogleg no

Ei gruppe som kallar seg Ansar al-Sunna seier dei står bak angrepet. Dette er ei ny gruppe på Gazastripa, men ei gruppe med same namn har operert i Irak.

Israel, som er under kraftig press frå USA i striden om busetjingar i Jerusalem og på Vestbreidda, held Hamas ansvarleg for rakettangrepet.

- Den raude lina er kryssa. Vi vil kome med eit passande svar, og det vil bli kraftig, sa visestatsminister Silvan Shalom då han vitja staden der den thailandske mannen vart drepen tidlegare i dag.

Shalom nytta høvet til å hamre laus på Goldstone-rapporten, som slo fast at Israel gjorde seg skuldig i krigsbrotsverk i krigen på Gazastripa for vel eitt år sidan.

- I dag ser vi kor absurd Goldstone-rapporten var. Goldstone eller ikkje Goldstone, Israel kjem til å forsvare innbyggjarane sine, sa han blant anna.

LES OGSÅ: Fører Israel-kritikk til jødehat?

LES OGSÅ: På atom- og fredstokt i Russland

LES OGSÅ: - Ingen krise mellom USA og Israel

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt