Hopp til innhold

Nytt forsøk på å stanse utblåsing

Oljeselskapet BP vil gjere eit nytt forsøk på å stanse oljeutblåsinga i Mexico-golfen. No vil dei plassere ein kuppel over lekkasjen.

"Deepwater Horizon" eksploderte og kom i brann 21. april 2010.

'Deepwater Horizon' eksploderte og kom i brann 21. april 2010.

Foto: HO / Reuters

Tony Hayward er toppsjef i BP.

Tony Hayward, toppsjef i BP, varslar eit nytt forsøk på å stanse oljeutblåsinga.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / Ap

BP håpar å ha kuppelen, eller topphatten, på plass i løpet av 72 timar, sa toppsjefen i selskapet, Tony Hayward, under ei orientering i Houston i Texas i kveld norsk tid.

Eit liknande forsøk på å stanse utblåsinga denne helga, lukkast ikkje, og utblåsinga held fram med full styrke. Det er frykt for at oljeutsleppet vil få store konsekvensar for miljøet i havet og på strendene.

Sandsekkar på strendene

dag vart det brukt helikopter for å få på plass sandsekkar langs srendene i Louisiana, for å hindre at olje skal nå land. Den første oljen nådde land i helga, men berre i små mengder.

LIkevel er det er store mengder olje i sjøen, og det er truleg berre eit tidsspørsmål før det første større oljeflaket vil nå land.

Det er planen å skyte gummi og andre materialer inn mot utblåsingsstaden for å stanse utblåsinga, og det er ikkje særleg ulikt korleis ein pluggar igjen eit toalettavløp.

LES OGSÅ: Slam og betong mot oljelekkasje

BIldekk og golfballar

Admiral Thad Allen i US Coast Guards seier det er mogleg å stanse utblåsinga på denne måten:

- Dei kjem til å ta ulike materialar, gamle bildekk, golfballar og andre ting, og under svært høgt trykk skyte det inn i opninga for å prøve å stanse lekkasjen, seier han.

Oljen ligg tjukt i store område i Mexicogolfen.

Det ligg tjukke lag med olje i store område i Mexicogolfen.

Foto: Gerald Herbert / Ap

LES OGSÅ: Kjemper mot oljeutslipp med hår

LES OGSÅ: Problemer for tettearbeidet i Mexicogolfen

BP opplyste tidlegare i dag at rekninga for oljekatastrofen i Mexicogolfen har kome opp i over to milliardar kroner. Selskapet har sagt at dei vil ta rekninga for utblåsinga, der rundt 5000 fat olje lek ut kvar dag.

Oljelekkasjen starta 22. april, to dagar etter at ein eksplosjon om bord på oljeplattformen «Deepwater Horizon». Elleve oljearbeidarar miste livet i ulukka.

Helikopter frå Nasjonalgarden la i dag ut sandsekkar langs strendene i Louisiana.

Helikopter frå Nasjonalgarden la i dag ut sandsekkar langs strendene i Louisiana.

Foto: JOE RAEDLE / Afp

LES OGSÅ: – Trakt kan ikke stanse oljelekkasje

LES OGSÅ: BPs store håp har kommet frem

SISTE NYTT

Siste nytt