Hopp til innhold

Nytt blodig bombeangrep i Damaskus

Minst 13 menneske er drepne i ein kraftig eksplosjon i sentrum av Damaskus, melder det statlege syriske fjernsynet.

Bombeeksplosjon i Damaskus.

Minst fem menneske skal vere drepne i bilbombeangrepet i Damaskus.

Foto: - / Afp

Røyken stig frå bombeåstad i Damaskus

Røyken frå bomba var synleg frå lang avstand.

Foto: - / Afp

Eksplosjonen skjedde i Marjeh-distriktet, eit område med fleire regjeringsbygningar og bustad for fleire av toppane i det syriske regimet. I går var det eit bombeattentat mot bilkortesjen til Syrias statsminister Waael al-Halki i same området. Han vart ikkje skadd i angrepet, men seks andre vart drepne, blant dei ein av livvaktene til statsministeren.

Nær innanriksdepartementet

Det er førebels uklart kva som var målet for bombeangrepet i dag, men det skal ha vore i nærleiken av innanriksdepartementet. Opprørsgruppa Syrian Observatory for Human Rights, som har base i London, seier at eksplosjonen skuldast ei bilbombe som gjekk av like ved ei bakdør ved departementet.

Minst 14 er drepne, fordelt på ni sivile og fem medlemer av tryggingsstyrkane, seier gruppa. Det statlege syriske fjernsynet oppgitt talet på drepne til 13, og at minst 70 menneske er såra. Det er venta at talet på døde vil stige ytterlegare.

Syrias nye statsminister Wael al-Halki

Syrias statsminister Wael al-Halki overlevde eit bombeattentat i same området i går.

Foto: KHALED AL-HARIRI / Reuters

Det statlege syriske fjernsynet melder at det var skyting med maskingevær like etter eksplosjonen. Fjernsynsstasjonen viser bilete frå eksplosjonsstaden, og det ligg tjukk røyk over staden. Det er gjort store skade på fleire bygningar nærleiken, også på innanriksdepartementet.

Strid om kjemiske våpen

Situasjonen i Syria har blitt stadig verre. Borgarkrigen i landet krev fleire titals liv nesten dagleg, og syriske styresmakter blir skulda for å ha brukt kjemiske våpen mot både sivile og opprørarar.

Både USA, Frankrike og Storbritannia har tidlegare sagt at bruk av kjemiske våpen vil vere ei så alvorleg eskalering av konflikten at dei vil vurdere militær hjelp til opprørarane. Russland har på det sterkaste motsett seg dette, og seier at opprørarane fabrikkerer bevis for å få vestlege land til å intervenere på deira side.

Se de første dramatiske bildene fra like etter den store eksplosjonen i Damaskus 30. april 2013.

VIDEO: Dramatiske bilete frå eksplosjon i Damaskus

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: Syria avviser å ha brukt kjemiske våpen

LES OGSÅ: – Dette er som å sprenge Taj Mahal og ødelegge Akropolis

Se oversiktsbilder fra eksplosjonen i Damaskus.

Oversiktsbilete frå eksplosjonen i Damaskus

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt