- Eit regime som skyt på amerikanske og britiske fly, og som skriv brev fylt av protestar og løgner har ikkje tenkt å rette seg etter FN sitt ultimatum, sa Bush i ein tale i Washington i kveld.
George Bush har ikkje tru på at Irak vil rette seg etter FN-resolusjonen om avvæpning. (Foto: Larry Downing/Reuters)
Truverdig
Bush oppmoda også Iraks diktator Saddam Hussein om å leggje fram ei truverdig og komplett oversikt over alle ballistiske rakettar og masseøydeleggingsvåpen innan fristen FN har sett, 8.desember.
- Denne oversikta må vere truverdig og komplett, elles viser Sasddam Hussein overfor heile verda at han har valt å ikkje endre framferda si, sa Bush i kveld.
Irak nektar for å ha masseøydeleggingsvåpen, men Det kvite hus seier dei har etterretningsrapportar som tyder på det motsette.
Al Qaida
Visepresident Dick Cheney sa i ein tale til leiarar for Nasjonalgarden i Denver i Colorado i kveld at avvæpning av Irak er avgjerande for å vinne krigen mot terror. Han sa at Irak har hatt nær kontakt med Al Qaida-nettverket i over 10 år, og at landet har delteke i treninga av terroristane.
Visepresident Dick Cheney meiner det er nær kontakt mellom Irak og Al Qaida. (Foto: Reuters)
Cheney sa også at Irak prøver å skaffe seg atomvåpen og kjemiske- og bakteriologiske våpen, og at regimet er i stand til å forsyne Al Qaida-nettverket med slike våpen.
- Det er ikkje mogleg å vinne krigen mot terror før Irak vi er heilt sikre at Irak ikkje lenger har masseøydeleggingsvåpen, sa Cheney i talen.
Tortur
Tidlegare i dag la regjeringa i Storbritannia fram ein rapport om omfattande brot på menneskerettane i Irak. Regimet blir skulda for systematisk bruk av tortur og valdtekt for å knuse all opposisjon.
Rapporten inneheld førstehands opplysningar frå folk som har vorte utsette for tortur, og rapporten fortel blant anna at regimet skal ha teke i bruk nye tortutmetodar mot personar som torer å motarbeide makthavarane i Bagdad.
Statsminister Tony Blair i Storbritannia. (Reuters-foto)
Det blir også fortalt om kvinner som har vorte valdtekne, torturerte og vilkårleg avretta. Andre fangar skal ha vorte nedlåste i stålkasser av same type som blir brukte til å oppbevare lik på likhus.
Amnesty International har kritisert den britiske regjeringa for tidspunktet rapporten vart offentleggjort på, og peika på at regjeringa prøver å utnytte situasjonen i Irak for å fremje sine eigne politiske mål.