Bombene gjekk av om lag samstundes i dei to byane Baiona og Sanxenxo i regionen Galicia. Ein talsmann for det spanske innanriksdepartementet seier at fire menneske vart lettare skadde i eksplosjonen i Sanxenxo, der bomba gjekk av i ein kontainer med flasker like ved ei seilarhamn. Ingen vart skadd i Baiona.
Politiet evakuerte områda rundt like før det small. Begge bombene skal ha vore plasserte i kontainerar. Det vart ikkje gjort særleg materiell skade.
Det har vore fire mindre bombeeksplosjonar mot turistmål i dei baskiske områda i det nordvestlege Spania dei siste to vekene. Berre ein person er skadd i desse bombeeksplosjonane, men det er gjort ein del materiell skade.
ETA kjempar for å lausrive dei baskiske områda i Spania og Frankrike. 850 menneske er drepne i ETA-aksjonar sidan 1968.
Meiningsmålingar i dei baskiske områda viser at ETA har lite folkeleg støtte.