Hopp til innhold

Desperat leiting etter fem år gamle April Jones

Politiet i Wales har fått frist til fredag klokka 17 til nye avhøyr av ein 46 år gammal mann, som er arrestert etter at fem år gamle April Jones forsvann sist måndag.

Video frå leiteaksjonen i Wales

VIDEO: Fleire hundre leitar etter April

46-åringen er ein kjenning av familien, men han er ikkje i slekt med dei, opplyser politiet i den vesle landsbyen Dyfed-Powy.

April Jones

Fem år gamle April Jones har vore sakna sidan måndag ettermiddag.

Foto: - / Afp

Politiet er forsiktig med opplysningar om kvifor den 46 år gamle mannen er arrestert, men seier at han er berre eitt av fleire spor dei går etter for å finne April Jones.

Ulendt terreng

Naboar fortel at den 46 år gamle mannen har born på same alderen som April, og at dei har vore leikekameratar.

Det blir leitt etter April over eit stort område, og mykje av leitinga går føre seg i eit ulendt terreng. Frivillige deltek i leitinga saman med 100 ekspertar på leiting i fjellområde, 100 polititrente søkekspertar, 20 hundeførarar, to fartøy til å leite på elva, eit leitelag med kajakk og ei gruppe frå politiet med ekspertise i leiting i vatn.

32 landsbyar er innanfor leiteområdet. Dei frivillige blir bedne om å halde seg unna elva Dyfi og gamle gruveområde i Dyfi-skogen. Her skal berre spesialtrente mannskap leite.

Kjensleladd appell

Coral Jones er mor til den sakna April Jones (5).

Coral Jones, mor til April, kom med ein kjensleladd appell om hjelp til å finne dottera.

Foto: REBECCA NADEN / Reuters

I går stod mor til April, Coral Jones, fram med ein kjensleladd appell til alle om å gjere det dei kunne for å finne dottera. April Jones er ramma av hjernesjukdomen cerebral parese, og ho er avhengig av medisinar. Ho bad alle vise sin solidaritet ved å gå med rosa sløyfer.

Storbritannias statsminister David Cameron har uttrykt sin djupe sympati med familien til April og ber alle som veit noko om saka om å kontakte politiet. Camerons avdøde son Ivan leid også av denne sjukdomen.

– Dette er alle familiar sitt mareritt, sa Cameron blant anna. Han sa også at det faktum at April har cerebral parese, berre gjer saka endå verre.

Frå pressekonferanse i Dyfed-Powys i Wales.

VIDEO: Politiet i Wales ber om hjelp.

Ber om fleire tips

Reg Bevan frå politiet i Dyfed-Powys, som leier etterforskinga, retta i dag ein ny appell til folk om å gi dei meir informasjon. Dei ber særleg om opplysningar om kva den mistenkte 46-åringen gjorde mellom klokka 1830 måndag og klokka 0330 natt til tysdag.

Politiet er også interessert i opplysningar om bilen til 46-åringen, ein blå Land Rover.

Mistenktes bil

Dette er bilen til 46-åringen som no sit i avhøyr, ein Land Rover.

Foto: HANDOUT / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt