Det opplyser ein Reuters-journalist som er utanfor byen.
Sporlys i lufta stadfesta at irakarane prøvde å skyte ned fiendtlege fly eller rakettar.
Mosul ligg 390 kilometer nord for Bagdad, og blei også i går utsett for fleire flyangrep.
Det same blei den viktige oljebyen Kirkuk, som saman med Mosul ligg nær det kurdiskkontrollerte området i nord.
Natt til fredag melde fjernsynskanalen al-Jazeera om dei første eksplosjonane i og rundt Mosul sidan den USA-leia krigen mot Irak tok til.
Mohammed al-Bourini frå den arabiskspråklege kanalen sa då i ei direktesending at han høyrde fleire eksplosjonar i drabantbyane rundt Mosul.